Gi en gave
Meny
Foto: Helene Reite Uglem / Phuti Mogasearbeidar i dag som «rådgiver - gender og kvinners rettigheter» i NMS. Last ned

Tilbake til røttene

Å kaste ei sjøstjerne på havet er vegen å gå om Sør–Afrika skal komme på rett kjøl, trur Phuti Mugase.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Phuti prøvde å gjere seg usynleg. Som foreldra, og deira foreldre, gjorde. Familien kjenner ikkje til noko anna enn at kvar dag byrjar med å huske passet. Så går dei på skule, jobb, butikken og skundar seg heim før det er for seint. Kanskje kjem ein jungel­telegraf med melding om at nokon er på veg. For dei med same hudfarge som Phuti er skyteskiver for unge, kvite menn i første­gongsteneste. Dei treff blink. Gong på gong.

Phuti lærer at 2+2 = 4. Men meir treng ein ikkje når ein uansett skal ende opp som «girl», heilt til håra vert grå og du eigentleg er altfor gammal til å bli kalla jente. Skulen er til for å lære deg å underkaste deg og tene som «girl» for ei kvit «miss». Barndommen er full av skilt som ropar «berre for kvite» og portar som stenger klokka seks. Ikkje stå for mange saman. Ikkje sei feil ting. Du skal ha god husk for å ikkje trø feil. Så det er best å vere usynleg. Kvite vil ha kvite naboar, med mindre du trengs som billeg arbeidskraft i ei gruve, ein hage, på eit kjøkken eller som spion.

Men i barndomsheimen i Transvaal, som heiter Pretoria i dag, lærer Phuti også dette: Vi har eit våpen vi óg. Det heiter bøn, og ikkje bitterheit. Gud har kontroll. Han har alltid det. Berre vent og sjå. Men Phuti ventar framleis på rettferd i Sør–Afrika.

Dei skyt barna

– Studentopprøret i Soweto er eit sterkt barndoms­minne, byrjar Phuti, som då var rundt 10 år. Skulejenta ana fred og inga fare denne junidagen i 1976. Men jungel­­telegrafen nådde henne, faren og dei fem brørne, der dei budde 100 kilometer unna massakren.

– Det var eigentleg ein varsam protest. For kor farleg er det med skulebarn utan våpen som vil lære det same som dei kvite, slik dei gjorde før i tida. Men politiet skaut. Barna forsøkte å forsvare seg med å kaste stein, men over 100 døydde og 1000 vart skada. Dei var barn, fortel Phuti.

Bileta frå aviser og nyheiter brenn seg fast i henne.

– Ein blir ikkje vand med ein slik kvardag, sjølv om både eg og familien er fødde inn i ein raseskild stat. Det var slik det var, men det gjer det ikkje mindre vondt, legg ho til.

Året før hadde også Phuti mista nokon som stod henne nær. Mora hadde vore sjuk ei stund, og dei visste det kom. På bordet i rommet på sjukehuset låg ein oppslått bibel, hugsar Phuti. Det var som om den drog henne til seg. Då mora trakk sitt siste sukk, klamra ho seg fast i den.

– Ho var ein fantastisk person. Likevel trur eg ingen kunne sjå på meg at eg hadde mista mor mi, seier Phuti litt undrande.

– Eg ønska meg ein eigen bibel då eg var ni år. Og det fekk eg. Forholdet mitt til Gud vart så viktig. Han fylte noko av tomrommet etter henne.

Phuti vaks opp i ein luthersk heim. Faren, som hadde klart å kara til seg sin eigen restaurant–business, forsørga Phuti og dei fem brørne, i tillegg til å vere diakon i kyrkja. Og hans ukuelege motto var: Gud har kontroll. Ei tante stilte opp, men elles hadde ikkje Phuti mange kvinner i livet sitt. Ho må smile.

– Kanskje er det oppveksten med fem brør som har gjort meg så oppteken av kjønnsperspektiv og kvinners rettar i dag, seier Phuti som i dag jobbar med denne tematikken i NMS.

Raselovene

Raselovene kom i 1948, men Sør–Afrika var ein rasedelt stat lenge før det: Som koloni frå 1910, og jordlova av 1913 som ga nederlendarar og britar 87 prosent av jorda, trass i at dei berre utgjorde tre millionar av dei 15 millionar innbyggarane i landet.

– Men for nederlendarane var det ikkje nok med all denne jorda. Dei hadde ein tanke om at dei var ein utvald rase og at svarte skulle tene dei. Nasjonalistpartiet deira vann valet i 1948 og innførte apartheid. Dei frykta politiske vindar etter 2. verdskrig skulle føre til at svarte gjorde opprør. Vi var ein trugsel, forklarer Phuti.

Så då ho kom til verda i Transvaal i 1966, vart Phuti ein del av eit raseregister. Eit avansert system som vart laga ved å ta prøver av blod og hår for å plassere folk i sine båsar. Men kjærleik oppstod på tvers av båsar, så stadig vart folk omplasserte.

– Svarte vart plasserte i ulike «bantu­stansar», områder som var definert som svart jord. Utan pass kunne du ikkje gå utanfor ditt område. Det var strenge port­forbod. På kino, restaurantar, idretts­plassar og strender stod det skilt som sa «berre for kvite». Braut du ei av dei mange lovene, kunne du bli piska, arrestert eller i verste fall drepen.

– Kjende du mange som vart straffa?

Ho vert stille, og det er som om ho ikkje forstår spørsmålet. For sjølvsagt gjer ho det. Kor skal ho byrje? Ho skulle mellom anna miste ein svoger.

Rasedelt skule

Også skulane vart delt opp etter rasar. Dei lærte ikkje det same som kvite. Det vart ei utfordring for nyfikne Phuti. «Kva var kvadratrot? Kva betyr X?»

«Det finn du ut når du blir vaksen. Ikkje prøv å vere smart. Sett deg ned!», måtte læraren svare. For heller ikkje han hadde lært meir enn 2+2. Hans jobb var å lære opp framtidige «girls» og hagearbeidarar. Det viktigaste å lære var dette: Å innfinne seg. Ein mentalitet som sit i folk endå. Men aldri hos Phuti. Ho hadde ein draum. Den vart sådd då ho fekk Bibelen som 9–åring, og den handla ikkje om å tene «miss ditt og datt». Ho skulle tene Gud.

– Men på denne tida tilsette ikkje kyrkjene kvinner, så eg flytta til Cape Town for å ta ein bachelor i bibelstudiar. Her fekk eg nyss i at det gjekk an å bli misjonær. Kanskje det var det som var mitt kall i livet?

For å ha noko å falle tilbake på, fortsette ho å studere og får jobb som akademisk koordinator på universitetet i Cape Town. Her møter ho mannen sin.

Aleinemor

Phuti giftar seg med advokaten. Og det er på denne tida ho opplev at apartheidregimet tek frå henne ein familiemedlem. For ho gløymer aldri då dei gravla ektemannens bror midt på natta.

Svogeren hadde engasjert seg politisk, og måtte bøte med livet for det. Med naud og neppe får dei sikra seg kroppen hans, og i nattas mulm og mørke lyse fred over hans minne.

– Det kunne gått like ille med mannen min også ein gong, fortel Phuti.

Han hadde delteke i ein protest då jungeltelegrafen nådde han. Politiet var på veg, sa rykta, og han fekk sett seg i ein bil og rømt til Cape Town. Her starta han eit nytt liv og møtte Phuti.

Så går det gale likevel. Men ikkje på grunn av ein protest.

– Det var ei bilulukke. I ettertid fekk vi vite at den var orkestrert, fortel Phuti.

Mannen hadde hatt ei vanskeleg sak på sitt advokatbord. No står ei 25 år gammal aleinemor att med to små jenter; ein baby og ein fireåring.

Det er ikkje over

Apartheidregimet vart avslutta i 1994. I alle fall i teorien. Motstanden hadde kome frå fleire grupper, som til dømes ANC og Nelson Mandela. Også internasjonalt utvikla det seg motstandsrørsler. I Noreg vart kyrkjesamfunn, fagrørsler, bistands­organisasjonar og den norske regjeringa engasjert. Apartheidstaten gjekk i opp­løysning etter at president Frederik W. de Klerk i 1990 sette alle politiske fangar fri, legaliserte opposisjonsparti og oppløyste fleire apartheidlover. I 1994 vart Mandela landets første demokratisk valde president.

– Etterspelet og oppgjeret klarte ikkje å ta knekken på alt. Systemet lever framleis i form av skeivt fordelte økonomiske ressursar, levestandard, arbeid og utdanning som følger dei gamle rasekategoriane. Vi fekk politisk, men ikkje økonomisk fridom, påpeiker Phuti.

Ho har framleis familie i Pretoria som ser det kvar dag: Bønder som får alkohol som takk for dagens strev. Det har skapt alkoholisme, brotne familieband og vald i heimane. Kvinner tenestegjer for kvite dag og natt, men tener knapt 800 kroner i månaden.

– Hurt people hurt, seier Phuti og sukkar.

– Etter så mange år med undertrykking. Mentaliteten av mindreverd lever i beste velgåande. Såra, og verknadane av dei, går utover så mykje.

Kanskje var det denne mentaliteten Desmond Tutu ville til livs då han snakka om den afrikanske legenda, om ørna som hadde vakse opp blant kyllingar. Den måtte lære seg at den eigentleg var skapt til å fly. «Fly, ørn, fly,» oppmuntra han. For alt ligg til rette i ei gullgruve av eit land, både når det gjeld talent og naturressursar.

– Men det er som om eit tungt teppe ligg over landet. Folk er ikkje vande med å starte business, for det har jo vore ulovleg så lenge. Folk ventar på å bli tilsett, for det er det dei «kan», og hamnar i lågt betala jobbar. Utdanningssektoren manglar dyktige lærarar fordi flinke folk tek jobb hjå selskap som betalar betre, fortel Phuti.

Og om ei ørn flyr over landet, vil den sjå det skarpe skiljet mellom fattig og rik, reint fysisk: Slum, dyre hus og store hagar, side om side. Men alt håp er ikkje ute, trur Phuti og serverer ei historie som ikkje handlar om ørn, men om tusenvis av sjøstjerner som er skylt på land:

– Ei lita jente plukkar dei opp, ei etter ei, og kastar dei tilbake til havet. Ein gammal mann spør kvifor ho kastar bort tida si på dette? Ho svarer: Eg kan ikkje hjelpe alle, men for denne eine sjøstjerna betyr det alt. Også for meg gjer det godt å hjelpe.

Misjonærdraumen

Etter 12 år som studiekoordinator er jentene større, sorga etter mannen lettare å bere, og den gamle misjonærdraumen dukkar opp igjen.

– Kort fortalt ende eg opp på eit universitet i Edinburgh, der eg skulle skrive ein PHD om kvinna si rolle i koloniale, maskuline og religiøse miljø, noko eg såg som ei førebuing på ei eller anna teneste, fortel ho.

Og midt i alt dette, møter ho han som er mannen hennar i dag. Han får jobb på VID, og det er altså slik ho ender opp her, i Stavanger, der den første norske misjonæren drog til Sør–Afrika i 1842.

– Det hadde eg ikkje tenkt skulle skje, seier Phuti og ler.

– Men då eg såg den ledige stillinga, kjendest det som om Gud leia meg. Og det var som å komme heim.

– Korleis då?

– Misjonærane frå NMS var blant dei første som kom med evangeliet til landet mitt, og no kan eg bidra i det arbeidet som starta i mitt heim­land for 180 år sidan, svarer ho.

Sirkelen er slutta, men ikkje avslutta.

– I gamledagar gjekk arbeidet ein veg, frå hjelpar til mottakar. I dag er det eit samarbeid mellom NMS og partnarorganisasjonane. Begge gir og får, som ein sirkel som veks, og nye prosjekt kjem til. Og det heile startar med at alle har eit talent. Alle gjer det dei kan. Det er slik misjon er meint å vere.

Dette intervjuet står på trykk i MT 3 som kjem ut i desse dagar. Ønskjer du å bli abonnent på MT og motta seks nummer i året, heilt gratis? Registrér deg gjerne i skjemaet under.

Jeg vil bli abonnent på MT, helt gratis!

    PS: Du kan også sende en sms med "NMS MT" til 2490

    Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp