Sveio kyrkjelyd støttar NMS sitt arbeid i Pakistan
I samarbeid med Gjenbruksløa i Førde i Sveio, har kyrkjelyden vedtatt å støtte CLAAS i Pakistan og signert ei treårig avtale med NMS.
CLAAS (Center for Legal Aid Assistance and Settlement) jobbar for menneskerettar og trusfridom, og gir juridisk hjelp til menneske som er anklaga for blasfemi. Dei har eit særskilt fokus på forfølgde, minoritetar, barn og kvinner.
Frivillige ved Gjenbruksløa, Bjørg Matre og Signe Halleraker, åpna offisielt prosjektet saman med sokneprest Arild Steinsland. Dei driv også foreninga Julegleden.
Fra NMS deltok frivillig misjonskonsulent for Haugalandet Astrid Lykke Mosaker og seksjonsleiar for WAMENA & Pakistan Gro Smørdal.
NMS og Sveio er begge svært stolte av kyrkjelyden sitt prosjektvalg, og ser fram til samarbeidet.