Bli med på strikke- og redesignhelg
Bli med på strikke- og redesignhelg på Kjeldsund.
Freistande? Kom! Meld deg på! Og del gjerne denne opplevinga med ei venninne.
FRÅ BRUKT TIL NYTT
Kan kle du ikkje bruker lenger syast om til noko heilt nytt? Eller har du til dømes ein strikka genser som du heller vil bruke som jakke, eller sy den om til noko heilt anna? Treng du å få hjelp til rette mønster kan du gi oss eit hint i forkant, så prøver vi å skaffe det. Vi vil også vise nyttige saumar på symaskina som vil gi eit godt resultat på omsaumen, både på faste og strikka stoff.
StudioLun i Volda vil dele nye strikkedesign med oss og har med mykje spanande tråd og tilbehør som du kan «knipe på» og eventuelt kjøpe.
Vi skal få høyre om diakonalt hjelpearbeid på fattige Madagaskar. Vi skal få høyre om spanande menneskemøte i Egypt. Sokneprest Solfrid i Herøy kan meir enn å døype og dele ut nattverd! Litt av del vil ho i ord og tonar dele med oss laurdagskvelden.
Pris
Pris for heile helga inkludert måltid og oppreidd seng: kr.2000,- (einerom kr. 2400,-)
Kontakt
For meir info: Kontakt Barbro Landmark på telefon eller SMS 920 90 174
Følg linken for påmelding, gjerne i god tid, velkoma skal du vere!
Helsing komiteen; Laila, Dorthe, Lena, Ruth-Linda og Barbro