Gi en gave
Meny
Foto: Laila Karin T Helle Last ned

Stor suksess med kinoframvisning

Områdeutvalget for Nordre/ Austre Sunnmøre tente på idéen frå Berit Meling Myklebust om å vise filmen «De utstøtte» på kino i Ålesund.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Anne Marit Letrud Saunderson og Paul Saunderson

Områdeutvalet i NMS Nordre og Austre Sunnmøre arrangerte onsdag 13. september si årlege inspirasjonssamling i Ålesund. Samlinga starta på Odeon kino, som etter avtale hadde ei visning av filmen «De utstøtte». Filmen er laga av Hallgeir Skretting, professor i fjernsyns- og multimediaproduksjon ved universitetet i Stavanger. Han har lenge hatt ei spesiell interesse for Madagaskar og har tidlegare laga fleire filmar frå øya, mellom anna «Frå hedningeland» som var vist på NRK i 2015.

«De utstøtte» handlar om korleis livet kan arte seg for dei som blir spedalske. Vi fekk møte bebuarar på Mangarano på Madagaskar og på ein spedalskkoloni i Valenciaregionen i Spania. Publikum fekk også eit innblikk i kor kompleks denne sjukdommen er, og at det framleis dukkar opp anslagsvis 200 000 nye tilfeller årleg spreidd i over 100 land i verda.

Fullsatt kinosal på Odeon kino for å sjå filmen «De utstøtte».

Kinosalen var fylt til siste plass, 113 seter, faktisk var det folk som dessverre ikkje fekk plass. Etter filmen var det om lag 100 personar som kom til samling i kyrkjekjellaren i Spjelkavik kyrkje, der det først var servering før det var intervju med den britiske misjonslegen Paul Saunderson.

Paul Saunderson har sidan han begynte å jobbe i Uganda i 1981 vore særleg interessert i lepra. Sidan år 2000 har han vore medisinsk direktør i American Leprosy Mission, er no halvt pensjonist men jobber framleis aktivt i mellom anna WHO som har som mål at lepra skal bli utrydda innan 2030. Han er gift med Anne Marit frå Ålesund og har sidan 2009 vore busett i Ålesund.

Fullt hus i kyrkjekjellaren etter kinoframvisinga.

Saunderson fortalde kor stigmatiserte spedalske blir, kor lett dei blir utstøtte av sin familie, sitt nærmiljø og arbeidslivet. Fleire land ynskjer ikkje å erkjenne at sjukdommen finst i deira land, noko som gjer det vanskeleg å nå fram til dei sjuke med hjelp. Sjukdommen er og vanskeleg å systematisere, ein er ikkje sikker på korleis den smittar, men dei har funne ut at den ikkje er arveleg. Ein kan vere berar av sjukdommen, men det kan ikkje påvisast før sjukdommen bryt ut.

Områdeutvalet er takknemleg for det gode oppmøtet til årets inspirasjonssamling, om eit tema som framleis ikkje må gløymast.

Region Møre takkar igjen områdeutvalget for eit vellykka arrangement takka vere god førehandsomtale både i lokalradio, sosiale medier, aviser, plakatar og ikkje minst på NRK Møre og Romsdal si distriktssending!

NRK Møre og Romsdal Distrikstsprogram

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp