Slik skal misjonærbarna følgast opp
− Til no har oppfølginga handla mest om økonomisk stønad til samtaleterapi og besøk til oppvekstlandet. Fleire uttrykker at dei saknar noko meir, byrjar Per Ivar Johansen, assisterande generalsekretær og HR-seniorrådgjevar i NMS.
«NMS skal ta større ansvar for skadeverknadane av dei ordningane som har vore og følgje opp på ein måte som står i forhold til omfang og alvor,» heiter det i handlingsplanen som vart vedteken av landsstyret i oktober og som vil vere oppe og gå frå januar 2025.
Fire hovudpunkt
Støttegruppa Sendt bort bidrog til ny handlingsplan i Misjonssambandet (NLM) tidlegare i 2024.
− Dette blei også utløysande faktor for NMS, seier Johansen.
Det er spesielt fire område den nye handlingsplanen dekker:
- NMS vil for første gong opne opp for søknadar om økonomisk oppreisingsstønad.
- NMS vil vidareføre og utvide rammene for helse- og samtaletilbod gjennom avtalar med institusjonar som kan gi adekvat hjelp.
- NMS vil meir aktivt vere med og skape trygge møteplassar og nettverk.
- NMS vil bidra til meir forsking, kunnskap og ærleg historieformidling om emnet.
Økonomisk oppreising
− Dei som på særleg måte er blitt påført belastningar kan snart søke om oppreising etter mønster frå den statlege rettferdsvederlagsordninga. Ein jurist, ein psykiater, i tillegg til representantar frå NMS og Sendt bort, vil avgjere stønad ut frå visse kriteria som no er under utarbeiding i samarbeid med Sendt bort.
− Kva vil spele inn?
− Mengda og lengda på åtskiljinga, alderen på misjonærbarnet og graden av omsorgssvikt. Fysisk og psykisk vald, seksuelle overgrep, krenkingar eller manglande oppfølging etter dødsfall i kjernefamilie, svarer Johansen.
Gradert etter kor alvorleg saka er, settast nivået til 50 000 – 250 000 kroner. Ordninga er subsidiær etter erstatning frå andre ordningar.
Slepp venteliste
Misjonærbarn kan også få dekka juridisk bistand.
− Dersom misjonærbarn kjem i utanomrettslege forhandlingar med NMS knytt til erstatningskrav, bidreg NMS med økonomisk tilskot.
For mange kan det vere ein høg terskel å søke hjelp gjennom offentleg helsesystem grunna vanskar med å få tilvising eller lange ventelister i spesialisthelsetenesta.
Per Ivar Johansen, assisterande generalsekretær og HR-seniorrådgjevar i NMS.
− Difor inngår vi avtalar med institusjonar som utan tilvising og lang ventetid kan gi passande helsetilbod. Tilbodet skal vere lett tilgjengeleg gjennom direkte kontakt, fritt ut frå personlege behov, samt anonymt og livssynsnøytralt om ønskjeleg.
− NMS skal altså potensielt betale for fleire personars samtaleterapi, opphald ved behandlingsinstitusjonar, reiser, juridisk hjelp, i tillegg til å støtte Sendt bort økonomisk. Korleis finansierast dette?
− Det blir allereie årleg sett av om lag 50 000 kroner til misjonærbarn i budsjettet. Vi ser for oss at dette vil stige no, men vi må prøve oss fram etter kvart som vi ser behovet.
− Vil også innsamla midlar gå til dette?
− Ja, men det vil ikkje gå utover prosjekta som har sine eigne avsette midlar. Eg trur våre givarar er einige i at vi set av pengar til å følgje opp misjonærbarn i kommande år.
− Trur du mange vil søke?
− Vi er heilt sikre på at nokon kjem til å søke, men usikre på omfanget.
Trygge møteplassar
NMS ønskjer også eit tettare samarbeid med støttegruppa Sendt bort som har blitt kontakta av misjonærbarn frå fleire ulike organisasjonar.
− Deira rolle er å kvalitetssikre, utfordre og vere talerøyr for misjonærbarnas sak. Vi vil vise til dei om nokon ønskjer å bli ein del av ei støttegruppe, men også legge til rette for fleire møteplassar og fellesskap for erfaringsutveksling, læring og sjølvhjelp, også digitalt, seier Johansen.
NMS ønskjer også meir kunnskap og forståing om det å vekse opp som misjonærbarn i utlandet.
− Vi vil oppmuntre folk til å formidle si historie. NMS ønskjer å integrere misjonærbarnhistoria i framtidige framstillingar og markeringar av NMS-historia. I samarbeid med andre vil vi bidra i nye kartleggingar og undersøkingar, også for å kartlegge statens rolle.
Handlingsplanen retter seg også mot foreldre og dei som har vore tilsette på skular og internat.
− Alle desse gruppene kan ha behov for oppfølging og hjelp til å hanskast med eigne tankar og opplevingar. Misjonærbarnas opplevingar er ulike, ikkje berre vonde. Samstundes som vi no tek ekstra grep for å imøtekomme dei som har vonde opplevingar, er det viktig å ikkje bidra til ei slags stigmatisering av misjonærbarn, for nokre ser også oppveksten som ein ressurs. Gode og vonde opplevingar kan vere vevd inn i kvarandre på ein måte som også er viktig å få snakka om.