September og Walk for Living Water
Vi møte andre her, enn vi ellers gjer – og det er ein unik sjans til å utvide grensenene; engasjere fleire, også som givarar og innsamlarar.
NMS syner att i gatebildet med beachflagg, telt, disk, lykkehjul og NMS-/WLW-premiar,
Vi går stolte ut i samfunnet, og har stand ved butikkar, torg eller parkar.
I Ålesund og Molde har vi gode erfaringar med å koble oss til det som skjer i byen; Matfestivalen og innflyttardagen.
Medan folk snurrar lykkehjulet fortel vi kvifor vi gjer dette;
– For at barn i Laos skal sleppe bruke all tida på å bere vatn til familien, og heller få tid til undervisning, legg vi vannledningar og bygg skular.
– «Vær så god, – du skal få en brosjyre, – som fortel om kven som er vinnarane av dette – nemleg barna som får nye muligheter i livet.»
Berekraftsmåla er også noko som kommuniserar til «folk flest» der ute.
Kommentarar vi fekk: «Dette er flott tiltak, – det er bra dokke kjem ut til folket med det!»
Skuleklasser, – lærarar, – familier og mange andre var besøkande; og dei brukte vannbøtteholding til fysisk fostring og gymtime.
Leirstadar og områdeutval kan – som nokon har gjort – lage plakat med Spleis som dei set opp på ulike turmål, – så turgåarar kan være med å gi.
Vi håper og trur at mange også vil engasjere seg som innsamlarar og starte Spleisar.
Lag di eiga innsamling, åleine eller saman med andre. Bruk Spleis og la sponsorane dine heie deg fram!
Walk for Living Water – NMS – NMS
Din gåtur kan gi både deg og andre eit betre liv.