Gi en gave
Meny
Foto: CLAAS Last ned

Retten til å tru

Det er inga sjølvfølge å få leve ut trua si. Ein stor del av arbeidet i NMS handlar om å kjempe for denne retten.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

I 1985 spurde Børudgjengen «Er du tøff nok til å vise kven du høyrer til?». For nokon kan det vere livsfarleg.

Åslaug Ihle Thingnæs ser det ofte på jobb. Dei siste seks åra har ho jobba med NMS i Pakistan og Midtausten/Nord-Afrika (MENA*). Eit område prega av fattigdom, krig, vald,  religiøs og politisk undertrykking. Ho møter kristne som opplever ekstrem forfølging. Det gir perspektiv. Kvar dag blir ho minna på at kvardagen der ute er full av farar. Seinast i dag kom det ein mail frå CLAAS i Pakistan. Åtte kristne sit fengsla. To av dei med dødsdom over seg. Og dei er ikkje aleine. CLAAS (Centre for Legal Aid, Assistance and Settlement) har 100 liknande saker i året på sitt bord. No treng dei at NMS er med og ber. Det står om livet.

 

Misjon krev trusfridom

– På ein måte handlar alt vi gjer om trusfridom. Misjon krev trusfridom. Skal det plantast ei kyrkje, må folk vere fri til å gå der. I NMS jobbar vi holistisk. Vi tek tak i samfunnsproblema rundt menneska vi møter, byrjar Åslaug.

Det er ikkje berre i Midtausten det er vanskeleg å vere kristen.

– På Madagaskar har prosjektet «Shalom» som mål å skape dialog mellom kristne og muslimar. Også i Etiopia, Mali, Thailand, Kina, Japan og Laos er trusfridom eit tema, eksemplifiserer Åslaug som kunne fortalt mykje meir om det. Men hennar område er MENA (Midtausten og Nord-Afrika) og Pakistan, og det er det vi skal snakke om no.

Staten støttar

Talet på kristne går nedover i MENA og Pakistan. I 1910 var det 10 prosent, i dag berre 3,5 prosent, viser tal frå World Christian Database 2015.

– Det skuldast at mange kristne har måtte flykta frå landet sitt. Det er færre ansikt som kan gi håp. Samstundes har trusfridom fått meir fokus. Det er legitimt å snakke om, seier Åslaug og viser til at Norad har fått ein eigen pott til dette. Dei støtter både CLAAS og den kristne TV-kanalen SAT-7.

 

Å løfte opp

– Kva har gjort sterkast inntrykk i arbeidet med trusfridom?

– Kvinnene på Anafora-senteret. Dei har opplevd trakassering, vald og overgrep, men får vegleiing gjennom eit NMS-støtta program. Her finn dei tilbake til styrken sin. Dei kjem heim med større tru på seg sjølve og tek til motmæle. Det er sterkt å sjå, svarer ho.

Anafora betyr å «løfte opp». Nettopp desse orda opplever ho er den raude tråden i arbeidet med trusfridom i NMS.

– Det er lett å få ei rolle som offer overfor vestlege støttespelarar, men eg møter ikkje menneske som syns synd på seg sjølve. Partnarane våre løfter menneske opp og gir dei tru på seg sjølve.

 

10 dagar unna bomba

Åslaug kom tett på sjølvmordsbomba i Lahore i 2016. Parken var full av barnefamiliar som hadde påskefri. Minst 72 døydde, og over 250 vart skada. Dei fleste kvinner og barn. 10 dagar før angrepet var Åslaug der.

– Det surra lenge i bakhovudet etterpå. Det vart så nært. Eg kjende ingen av dei ramma, men det gjorde sterkt inntrykk, seier ho.

– Har du vore redd på reiser etterpå?

– Nei. Terror kan ramme kor som helst, når som helst. Eg reiser mest til Kairo og Alexandria. Lite i Nord-Pakistan, som er eit spesielt utsett område, svarer ho og legg til:

– Eg føler eg skuldar våre søsken å vite korleis dei har det. Mange gonger kjenner eg meg heilt makteslaus. Men eg kjenner eg må rekke ut ei hand.

Då kyrkjesenteret i den pakistanske byen Mardan brann for fleire år sidan var NMS med og støtta gjenoppbygginga.

– Det gjer inntrykk å sjå menneske klare å reise seg igjen etter slikt. Dei tilgir og viser respekt for samfunnet rundt seg. Det er utanfor mi fatteevne.

Kyrkje i farleg område

Åtte kvinner sit rundt eit bord. To frå kvar religion. Dei har aldri møtt kvarandre før. No snakkar dei saman, et og drikk saman. Det er inga sjølvfølge i Pakistan, der det er «haram» for ein muslim å sitje slik. Kristne kan også ha negative haldningar til muslimar. Men takka vere kyrkja i Pakistan møtest dei likevel. Kyrkja har nemleg drege i gang eit prosjekt der målet er å skape dialog mellom hinduar, muslimar, kristne og sikhar. Ein kvinneleg politisjef snakkar om tema dei kan samlast om: Kvinners rettar for eksempel. Samlinga varer berre ein dag. Så skjer det noko.
– Ei muslimsk kvinne sa etterpå: «Eg har aldri snakka med kristne før. No har vi drukke av same kopp». Det som eigentleg var ureint, og faktisk eit brot på blasfemilova, vart noko fint. Ein slik dag kan snu tankegangen.

Sidan 1986

Kyrkja i Pakistan og NMS har samarbeidd sidan 1986. Det starta med støtte til arbeidet i Peshawar bispedømme, nordvest i Pakistan på grensa til Afghanistan.

– Utover 90-tallet spreidde arbeidet vårt seg til Midtausten og Nord-Afrika. Vi har vore på rett plass til rett tid og fått vere med i oppstarten av mykje viktig arbeid i regionen.

Bortfører jenter

CLAAS er ein relativt ny samarbeidspartnar. Menneskerettsorganisasjonen har vore tungt inne i saka om Asia Bibi som for åtte år sidan vart dømt til døden for å ha drukke av same kopp som ein muslim. No er ho fri.

Men CLAAS har framleis fleire liknande saker på dagsorden.

– I desember vart to brør dømt til døden for å ha posta offensive utsegn mot islam på nettsida si. Dei har sete i fengsel sidan 2015. No vil CLAAS ta saka vidare til høgsterett i Lahore. Mange av sakene til CLAAS handlar om unge jenter som vert bortført, voldtatt, tvangsgifta og tvangskonvertert.

– Kristne og hinduar er spesielt utsett. CLAAS hjelper alle dei kan. Om ein er kristen, hindu eller muslim betyr ingening, seier Åslaug og viser til eit eksempel:

– Kristne Shama Bibi gifta seg med ein muslim. I 2015 vart ho brent i hel av svigermor si. Ektemannen gjekk sjølv til sak mot mora, men saka vart lagt bort. CLAAS hjelper mange par fra ulike religionar. Fleire par har rømt frå familien.

Budd på forfølging

Nettverket Middle East Concern (MEC) er som CLAAS, men i MENA. NMS har samarbeidd med MEC sidan dei vart stifta på midten av 90-talet.
– Ein viktig aktør som kartlegg og betrar forholda for kristne i over 20 land. I tillegg til å gi praktisk og økonomisk hjelp til forfølgde, er dei ei slags vaktbikkje overfor parlament og andre sentrale instansar. Dei følgjer med på at lover vert følgde og at nye lover samsvarer med menneskerettane, fortel Åslaug.
MEC driv også kurs i korleis det er å bli fengsla og forhøyrt.

– Fleire av dei tilsette har opplevd det. Dei kjenner forfølginga sine fasar, frå trakassering til dødsdom. Dei lærer korleis dei skal svare utan å forråde seg sjølv og andre, seier ho og legg til:
– Eg beundrar at dei førebur seg på forfølging. Samanlikna med oss som gjer alt me kan for å unngå det.

Ny ungdomsserie

Den kristne TV-kanalen SAT-7 kom til verda i 1996. NMS har vore med sidan starten.

– Det starta med to timar kringkasting i veka på ein kanal. I dag er det fire kanalar på tre ulike språk, og med kringkasting 24/7, fortel Åslaug.

NMS har vore involvert i kapasitetsbygging og støtta det som omhandlar kvinners rettar. Sidan 2013 har kanalen også fått støtte frå Norad.

– Det er mellom anna ein ny ungdomsserie som får Norad-støtte. Den skal skape dialog mellom unge arabisktalande på tvers av livssyn, fortel Åslaug. Norad støtter også eit TV-program som skal gå djupare ned i aktuelle saker.

Lever misjonalt

– Eg beundrar at kristne i MENA og Pakistan lever så misjonalt midt i all motstanden. Dei er modige og bevisste på det å leve ut si tru. Dei ber mykje. Og dei er tydelege, men likevel forsiktige, seier ho avslutningsvis.

– Men talet på kristne går nedover i regionen. Difor ønsker NMS å vere med og styrke dei, slik at kyrkja sjølv kan bringe håp til sin neste som lid.

 

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp