Gi en gave
Meny
Foto: Laila Helle Last ned

Regionstyremøte og misjonstreff i Elnesvågen

Det er lenge sidan regionstyret (RS) har hatt fysisk møte. Som oftast treffast vi på datamaskina via Teams. Lørdag 27. januar møtte RS altså på Elnesvågen bedehus, eit bedehus som NMS også er med på å eige.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Når Regionstyret først skulle møtast fysisk for fyrste gong på lenge, så kom vi på at det kunne vere ein god ide å invitere til misjonstreff etterpå der RS sto som arrangør og misjonskonsulent Jostein Solbakken som andaktshaldar.

RS medlemmane fekk bruke sine talentar og delte på oppgåvene med å leie møtet, gi misjonsinfo frå ulike misjonsland som Mali, Madagaskar og Hongkong samt høgtlesing om den lange båtreisa for dei fyrste misjonærane som reiste til Afrika med båt.

Gunnar Sødal trakterte pianoet til allsongane og Cecilie Drøpping stilte opp med salgsboda si «Bergfruas lapper» med eigneproduserte varer til inntekt for NMS!

Tusen takk til alle som kom og for god prat rundt kaffikoppen etterpå!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp