Gi en gave
Meny
Last ned

Regional strategisamling i Bjørgvin

For første gong på mange år inviterte regionstyret i Bjørgvin til strategisamling. Representantar frå områdeutval, frivillige i gjenbruksbutikkane, på Alværa og på kontoret var saman med tilsette i regionen samla på Alværa 3. og 4. april. Det vart inspirerande møte med gamle kjende og mange me før berre kjende namna på frå e-post eller omtale.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Avtroppande regionstyreleiar Bjarne Andersen hadde god styring på plenumssamlingane med presentasjon av NMS sin strategi for dei kommande åra. Sentralt i dette er at områdeutvala utarbeider tiltaksplanar som vert grunnlag for handlingsplan for regionen. Det var sett av god tid til gruppesamtale om kva me kjenner som viktig og korleis me vil prioritera på kvar vår plass i denne store regionen. Områdeutvala har sine arrangement med lange tradisjonar, men jobbar også med mykje forskjellig kring oppfølging av kyrkjelydar og gjenbruksbutikkar.  Ønskelista vart lang med stikkord som fornying av kyrkjelydsavtalar, gjevarteneste, foreiningsarbeid, oppfølging av gjenbruksbutikkane og Alværa kyrkje- og misjonssenter, og møtestader for ungdom og dei midt i livet.

Heilt konkret:  Årleg samlingspunkt som dette for heile regionen.

Regionstyret hadde sitt konstituerande møte i etterkant av samlinga. Sidan ikkje alle område har gjennomført årsmøte enno, er ikkje samansettinga av styret klar, og Svanhild Neteland fungerer som regionstyreleiar til neste møte, i mai.

Alværa tok vel imot med gode senger og deilig mat. Og Helle Leivestad Kartveit i NMSU ramma inn natta med kveldsbøn og morgonbøn slik dei alltid gjer  på leirane på Alværa.

 

Tekst: Dagny Helene Ekberg

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp