Gi en gave
Meny
Foto: Arne Drøpping Last ned

Opptrapping til sommarferien

Liv Anne Innerdal har hatt misjonsforening på Ålvundeid i mange år. Ho seier også at ho arva foreninga av si svigermor. 
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det er mange som roar ned til sommarferien. Liv Anne gjer det motsatte. Ho har ein tradisjon med å invitere medlemar av andre foreningar til samling før sommaren. I fleire år har vi vore på hytta som ligg i Ålvundfjord. I år vart vi i stadenpå ein nybygd uteterasse heime.

Det var mange det ikkje passa for denne junikvelden, så det det var færre enn det pleier.  Men veret passa godt til utesamling både for oss som kom frå Ålvundfjord og andre plassar i Sunndal.

Liv Anne serverte både frå Guds ord og nybakt frå kjøkkenet. Song, kollekt og misjonsinformasjon høyrer med når NMS-folket samlar seg. Denne kvelden fekk vi glimt frå Mali, Sør-Afrika og Madagaskar.

Liv Anne Innerdal serverer både frå Guds ord og nybakt frå kjøkkenet.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp