Nytt engasjement på «gamalt» misjonsfelt
Bjørn og Johanne Leinebø var talarar på gudstenesta og på misjonsfesten.
Søndag 6.april hadde NMS Nordre og Austre Sunnmøre områdestemne i Sykkylven kyrkje. Hovedfokus denne søndagen var Madagaskar, der NMS har hatt arbeid i snart 160 år. Bjørn og Johanne Leinebø var talarar på gudstenesta, der også Sykkylven Gospelkor deltok.
Etter gudstenesta var det velsmakande middag nede i kyrkjestova for dei som hadde meldt seg på.
Deretter var det årsmøte, og det nye områdeutvalet består av Gunhild Bjørkhaug, Evy Larsen, Asbjørg Oksavik Sve, Jorunn Bakke Orvik, Else Marie Lervik Coates. Astrid Ulvestad Øygard er vararepresentant.
Etter ein pause med kaffe og nydelege kaker hadde vi misjonsfest oppe i kyrkjerommet. Asbjørg Oksavik Sve hadde opningsandakt. Bjørn og Johanne Leinebø fortalde meir om arbeidet deira på Madagaskar, og kor meiningsfylt det er å jobbe med oversetting av nytestamentlege bøker til dei ulike stammespråka.
Cloe Chantal løfta forsamlinga med vakker sang og utstråling
Jan Kåre Aurdal er medlem av gruppa Bedriftsgruppe NMS, han orienterte om deira struktur. Dei er opptekne av matsikkerheit på Madagaskar og vil hjelpe unge gassarar med jordbruksutdanning.
Dorthe og Torstein Lervik bidrog med bilete og forteljing frå Anafora i Egypt, ein stad i ørkenen mellom Kairo og Alexandria. Der kan koptiske ortodokse få kvile og hjelp, og andre interesserte kan kome til rekreasjon og fornying.
Musikkskuleeleven Cloe Shantal bidrog med solosong, det vart svært godt motteke av festlyden.
Vi er takksame for ein innhaldsrik misjonsdag i Sykkylven denne vakre søndagen i april.
Svein Erik Kampenes var søndagens gudstenesteleiar. Gospelkoret i bakrunnen.
Jan Kåre Aurdal er medlem av gruppa Bedriftsgruppe NMS, orienterte om deira struktur med fokus på matsikkerheit.
Dorthe og Torstein Lervik bidrog med bilete og forteljing frå Anafora i Egypt.
Sykkylven Gospelkor begeistra kyrkjelyden med fengande rytmer og gladsong