Gi en gave
Meny
Last ned

Ny medarbeidar i NMS Global frå Vigra

Mange i regionen kjenner til Geir frå før i mange samanhengar som prest på Giske, misjonsrådgjevar i Møre bispedøme og som frivilleg medarbeidar i NMS samanheng m.m. Vi ynskjer Geir Sakseid velkomen som nytilsett medarbeidar i NMS og har stilt han nokre spørsmål.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post


Geir Sakseid Bustad: Vigra, men er frå Stord Gift med Helga og har 3 vaksne born

Kva er inngangen din til NMS?

– Eg har vore tilknytta NMS heilt sidan studietida på Misjonshøgskulen. På nittitalet var kona mi, Helga og eg utsendingar til Midtausten, og då me kom til Bergen etter sju år i Egypt, starta me Bergen Internasjonale Menighet på initiativ frå NMS. Seinare har eg arbeidd i ulike stillingar i Den norske kyrkja. Då eg var sokneprest i Giske tok eg vidareutdanning på Høgskulen i Volda, og det var under arbeidet med masteroppgåva i kulturmøte at eg fekk fornya interessa for NMS sitt arbeid i Midtausten.

– Kvifor søkte du på denne stillinga og kva skal du jobbe med?

– Eg skreiv ei masteroppgåve om NMS si historie i Midtausten sidan oppstarten i 1990, og fekk dermed god kjennskap til dei ulike prosjekta som NMS har engasjert seg i etter at me sjølve flytta tilbake til Norge. Eg kjende at dette var engasjerande, og kunne godt tenka meg å jobba med det. For to år sidan byrja eg som misjonsrådgivar i Møre bispedøme, og fekk jobba meir med misjon, og når det blei lyst ut ei stilling som rådgivar for Midtausten sist sommar, fekk eg ikkje fred for å la den gå forbi meg.

– No skal eg jobba med å halda kontakt med alle samarbeidsprosjekta som NMS har i Midtausten, og så har eg eit særleg ansvar for å følgja opp nokre av dei litt tettare. I første omgang gjeld dette Bibelselskapet i Egypt, menneskerettsorganisasjonen Middle East Concern og medieorganisasjonen Middle East Media, som eg arbeidde i fram til 2001.

– Blir det mykje reising på deg?

– Noko reising blir det nok i den nye jobben, om pandemien slepp taket. I skrivande stund skulle me ha vore i Egypt, men den reisa måtte utsettast. I utgangspunktet blir det nokre turar til prosjekta kvart år, men eg har kontorplass i Ålesund, og slepp å pendla til Stavanger.

– Kan vi lokalt i regionen dra nytte av deg?

– Om det passar med timeplanen kan eg gjerne brukast her i regionen. Eg fortel meir enn gjerne om det spennande arbeidet NMS sine samarbeidspartnarar gjer i den arabiske verda, i Tyrkia, Iran og austover heilt til Pakistan.

– Har høyrt rykte om at du og spiller i band?

– Nja … Eg spelar tuba i Godøy Brass. Det er eit lokalt korps med passeleg enkelt nivå på musikken og svært høg trivselsfaktor!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp