Gi en gave
Meny
Last ned

Korleis kan me ivareta dei gode relasjonane når både islam og kristendom er misjonerande religionar?

Når temperaturen er høg, skal det berre ein gnist til for å starta ein stor brann. Det har me sett mange stader den seinare tid.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Ein mann set fyr på ein koran i Sverige, og det blir store demonstrasjonar over heile den muslimske verda. I Pakistan gjekk ein stor mobb til angrep på eit kristent nabolag fordi to kristne gutar var skulda for blasfemi, og fem hundre familiar mista alt dei eigde. Men det går også an å bygga gode relasjonar mellom kristne og muslimar.

Her kan du støtta NMS sitt arbeid i Midtausten!

«Goda grannar» heiter eit samarbeidsprosjekt mellom kyrkja og moskeen på Södermalm i Stockholm. Dei driv språkkafé, rådgivingsteneste og har babysong, særleg for asylsøkarar og innvandrarar. «Goda grannar» er eit godt eksempel på fredeleg sameksistens.

Muslimar jobbar i lag med NMS
I alt arbeidet vårt er NMS opptatt av å ta vare på dei gode relasjonane med dei som ikkje er kristne. Me har muslimar som jobbar i lag med NMS i ulike prosjekt der det er mulig. For eksempel er flesteparten av dei tilsette i eit utviklingsprosjekt i Mali muslimar. Og ein sentral aktør i bibelomsetjingsarbeidet i Mali er også muslim. Samtidig er me ein misjonsorganisasjon. Vårt oppdrag er å dela evangeliet med alle, uansett bakgrunn.

Pensjonisten «Ibrahim» tar laurdagsvakter på ein kristen bokhandel. Han fortel engasjert om korleis han ofte har fått høve til å dela trua si med folk utan kristen bakgrunn som har vore innom bibelbutikken der han har jobba i meir enn 25 år. Og fleire av dei har tatt imot Jesus og er døypt inn i ein lokal kyrkjelyd. «Ibrahim» er berre ein av mange arabiske kristne som brenn for å dela trua si med dei muslimske naboane sine, men han veit også at dei må vera forsiktige, for det er jo eigentleg ikkje lov. Konvertering skal helst berre gå den andre vegen. Frå kristendom til islam.

Gode grannar
Då me besøkte prosjektet «Goda grannar» i Stockholm, blei me imponerte over samarbeidsklimaet mellom kristne og muslimar. For det var veldig mykje godt som skjedde der. Men det var eitt tema som ingen snakka om, og det var korleis ein skal stilla seg til at begge grupper kanskje har eit ønske om at den andre skal finna fram til det som me kvar for oss opplever som sanninga. Korleis kan me ivareta dei gode relasjonane når både islam og kristendom er misjonerande religionar?

Begge har ein bodskap som gjeld alle menneske. Me kjenner godt misjonsbodet frå Bibelen, i sine ulike variantar, t.d. «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alt som Gud har skapt» (Mark 16,15). Koranen har tilsvarande vers som handlar om at Gud har sendt profeten «som ein nåde til heile verda» (21,107) og «med rettleiing og den sanne religionen, så den kan vinna fram over all religion» (61,9). Så me ser at begge religionane er universelle, og rettar seg mot alle.

Kvifor dela trua med muslimar?
Kvifor deler kristne trua si med muslimar? Når NMS grunngir kvifor me driv misjon overfor muslimar, er det først og fremst på heilt generelt grunnlag – på same måten som overfor alle andre menneske. Me behandlar ikkje muslimar spesielt, verken på den eine eller den andre måten. NMS sitt grunnlagsdokument om misjon, «Kjærligheten tar aldri slutt», tar utgangspunkt i Guds kjærleik til alle menneske. Me er ein del av Guds misjon for å inkludera alle inn i hans kjærleiksfellesskap «uansett tro, nasjonal tilhørighet eller sosial status. Misjonsoppdraget vil derfor prøve å nå alle med budskapet om Guds kjærlighet».

Det å dela trua si med andre, er også ein menneskerett. I mange land er fleire artiklar frå FN si menneskerettserklæring under press: Artikkel 18 (om å ha eller endra religion) art. 19 (ytringsfridom) og art. 20 (fridom til å samlast). Mykje av misjonsarbeidet NMS er engasjert i, handlar om å støtta kristne som ikkje har den fridomen dei har krav på. Til dømes sit mange i Iran i fengsel for trua si. Ein av dei blei arrestert før jul. Han er skulda for «propaganda mot staten» fordi han ytra seg om den kristne trua si, og blir nekta tilgang til advokat.

Innvandrarar som er trygge på eigen religion har tilført landet vårt noko viktig: Det er blitt meir naturleg enn før å snakka om trua si. Kan muslimar bli naturlege samtalepartnarar der me bur? Klarer me å samarbeida om å skapa eit fredeleg og livssynsope samfunn der det også er rom for å dela trua vår på ein respektfull måte med andre?

Her kan du støtta NMS sitt arbeid i Midtausten!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp