Gi en gave
Meny
Last ned

Misjonsblad med sjel

Det er i år 180 år sidan den aller første utgåva av Misjonstidende kom ut.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

«Jesu navns forherligelse er det øiemed denne har sat sig, det eneste øiemed den har. I dette velsignede navn begynder den derfor sit løb, og ene og alene i dette navn vil den fortsette og fuldende det.»

Slik lyder dei aller første orda i Norsk Missionstidende, skrivne i juni 1845 i Trondheim av Andreas Hauge, son av den ikkje ukjende lekmannshovdingen Hans Nielsen Hauge.

Det er i år 180 år sidan den aller første utgåva av Misjonstidende kom ut. Dette er noko me kjem til å markera gjennom historiske tilbakeblikk i utgåvene av Misjonstidende me skal gi ut i jubileumsåret 2025. Det var kanskje ikkje så rart at det var i Trondheim det heile starta. Også landets eldste avis, Adresseavisa, blei etablert i Trondheim i 1767. Her var tydelegvis ein kultur og vilje til å ta trykte massemedium i bruk.

Andreas Hauge heldt koken som redaktør fram til 1854. Vår dyktige redaktør dei siste åra, Helene Reite Uglem, har tatt føre seg Misjonstidende sin historie i ein leseverdig artikkel i den nyaste utgåva.

Den gir eit interessant innblikk i korleis Misjonstidende har endra seg – og kor stor påverknadskraft bladet har hatt.

Om ein ser på opplagstal, var stordoms-tida for Misjonstidende frå 1870 og godt inn på 1900-talet. I 1873 har Morgenbladet, den viktigaste landsdekkande avisa, litt over 2000 abonnentar. Aftenposten har 500. MT har 6500 og skal fortsette å stige.

Misjonstidende hadde innhald som folk ville ha og som var med på å leggja grunnlaget for misjonsrørsla – ei rørsle som kanskje har hatt større samfunnspåverknad i Norge og ute i verda enn ettertida heilt har klart å forstå. Bladet bringa verda inn til norske lesarar, og det jamvel før David Livingstone reiste til Afrika!

Misjonstidende held framleis koken. Kring 15.000 mottar bladet i starten av jubileums-året. Me i redaksjonen har som mål at dette talet skal auka i 2025. For me trur at dei historiene me fortel har relevans og gjenklang hos mange fleire enn dei me når i dag. Dersom du som lesar er einig i dette, er me takksame for alle som skaffar oss nye lesarar!

Til liks med Andreas Hauge, er me avhengige av at nokon er med og betaler for bladet. I 1845 var det over 2000 nordmenn som spytta i 60 skilling kvar for 12 utgåver i året. Me håpar at du som lesar vil nytta deg av giroen og bidra til at me kan gi ut seks utgåver av Misjonstidende også i 2025.

Tidleg på 1900-talet er forfattaren Arne Garborg ute og traskar. I Knudaheibrev (1904) skriv han at han får auge på «Missions-skulen» i Stavanger. Eit minne dukkar opp hos Garborg:

«Minne frå den tidi då eg gjekk heimpå Garborg og las «Missionstidende». Då hadde eg greide på mangt».

Det er freistande å seia, også i 2025; gjer som Garborg – og få greie på så mangt!

Vil du bli MT-abonnent

    PS: Du kan også sende en sms med "NMS MT" til 2002

    Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp