Misjonshelg på Hareid
Sist oppdatert 25.11.2022
Full rulle og ei flott misjonshelg med imponerande innsats av konfimantar og 10- åringar! Etter informasjon om misjonsprosjektet vårt i Thailand for konfirmantane, var det tid for innsats. Alle greidde å springe 7 runder og var med i trekninga av Adidas joggesko, sponsa av SPORT 1. Fortent pølsefest i gapahuken etterpå, sponsa av BUNNPRIS. Innsamla beløp nærmar seg kr.9000,- Tusen takk!
Fullt hus også på basaren laurdag ettermiddag.
Helga vart avslutta med Barnas Misjonsdag der May Lisbeth H. Aurdal frå NMS hadde preika og informerte om arbeidet i Thailand.
Etterpå var det Middag og Misjon i kyrkjelydshuset der ein og fekk meir info om arbeidet.