Gi en gave
Meny
Foto: Barbro Landmark Last ned

Misjonshelg med stort engasjement i Hareid!

10-åringane i trusopplæringa har hatt samlingar med misjon som tema. Dei har høyrt og sett både frå Madagaskar, Japan og Thailand. Laurdagen fekk dei også besøk frå NMSU der Erika Solli fortalte meir om misjon og Thailandprosjektet.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Saman med 10 – åringane i kyrkja denne dagen var også konfirmantane. Dei hadde misjon som tema i si undervisning tidlegare i veka, og denne felles halvtimen med 10 åringane skulle motivere dei før gateløpet. Konfirmantane hadde skaffa seg sponsorar for kvar runde dei sprang/gjekk i sentrum, eller dei betalte eit fast beløp. 30 konfirmantar deltok og 19 av dei sprang/gjekk 7 runder eller meir og var med i trekninga av eit par ADIDAS sko gitt av SPORT 1 butikken i Hareid. Til slutt fekk dei pølser m/brød, sponsa av COOP. Tilsaman ordna konfirmantane med ca.kr.10.000,- til misjonsprosjektet.

Søndag inviterte misjonsutvalet til Middag og Misjon på kyrkjelydshuset etter gudstenesta i kyrkja. Her vart det solgt, brennsnut, kaker og åresal i 3 omgangar der gevinstane bl.a.var laga av 10 åringane. På dette arrangementet kom det inn over kr. 20.000,- til prosjektet!

I tillegg til dette arrangerte NMS foreningane i Hareid basar på laurdag ettermiddag der beløpet vart på vel kr. 33.000,- og offer under gudstenesta vil også kome godt med i organisasjonen sitt arbeid.

NMS takkar alle involverte!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp