Gi en gave
Meny
Foto: Eli-Kristine Moltu Last ned

Misjonsgudsteneste i Ørsta med fornya misjonsavtale

Det blei ein fin dag , då Ørsta kyrkjelyd fornya misjonsavtalen med NMS
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Først var det gudsteneste i Ørsta Kyrkje, med m.a. sokneprest Arne Moltubak. Brita Petrin Kvalsvik frå NMSU deltok også i gudstenesta og kom med info frå NMS og NMSU. Ho overrekte og ein plakat/bilde som kan hengast opp og på den måten synleggjere misjonsavtalen dei har med Thailand.

Etter gudstenesta var det kyrkjemiddag med servering av Thaimat og misjonsinfo frå arbeidet i  Thailand.

Sky, som er frå Thailand og gift med ein tilsett i kyrkja, hadde laga masse gode vårruller og ei deilig Thaigryte servert saman med ris. Barna  hadde pølse og brød som alternativ.
Nokre hadde og laga gode kaker til kaffien.

Kyrkjelyden var svært flinke til å bruke Thailand som ein raud tråd gjennom heile dagen, både i bønnevandringa, preika og på kyrkjemiddagen.

På bileta ser de Sky og litt av dei som var på middagen, rundt 50 personar med små og store
Nokre kom og heilt frå Dalsfjorden  for å smake på den deilige Thaimaten😅👍

Kyrkjemiddag etter gudstenesta i Ørsta (ikyrkja.no)

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp