Gi en gave
Meny
Last ned

Misjonsgudsteneste i Langevåg kyrkje og foreiningsjubileum!

Flott misjonsgudsteneste i Langevåg kyrkje med markering og feiring av misjonsforeininga Ester sitt 10 årsjubileum!
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det var mykje folk i kyrkja denne dagen og 4 born som var døypte og dermed mykje folk frå dåpsfylgja.

Asbjørg Oksavik Sve, tidlegare diakon i Sula og representant for NMS var invitert for å halde preike og fortelje frå misjonsprosjektet i Estland.

Diakon Ingvild Snipsøyr ga ordet til leiar av foreininga, Gunvor Aannø, på slutten av gudstenesta og ho fortalde om arbeidet. Det vart også vidareformidla helsing til jubilanten både frå NMS Møre og frå prest og misjonær Magne Mølster i Estland.

Foreiningsmedlemane hadde ordna til ein flott kyrkjekaffi, flott pynta bord bak i kyrkja og mange gode kaker. Mange stoppa opp og ga seg tid til å både prate og drikke kaffi.

Foreininga Ester vart starta av Gunvor Aannø i 2013. Soknerådet hadde litt tidlegare inngått ein misjonsavtale for å støtte menighetsplanting i Estland gjennom NMS. Det vart nedsett ei styringsgruppe, 3 frå soknerådet og to frå staben den fyrste tida i prosjektet.

Når foreininga Ester vart starta vart det ei flott utviding av misjonsarbeidet for soknerådet og kyrkjelyden. Med deira jamnlege møteverksemd auka pengestøtta til kyrkjelydane i Mustamäe og Saku, og både foreininga og kyrkjelyden har bedt for dei to kyrkjelydane heile tida.

Desse deltok på gudstenesta:

Anders Barstad, sokneprest

Ingvild Snipsøyr, diakon

Signe Snipsøyr Nossen, kyrkjetenar

Oddbjørn Havåg, organist

Gunvor Aannø, leiar av misjonsforeinga Ester

Asbjørg Oksavik Sve, representant for NMS

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp