Gi en gave
Meny
Foto: Bernt Bøe, Trollheimsporten Last ned

Misjon-tett på

Kyrkjesokna i Surnadal og Rindal samarbeider med Det Norske Misjonsselskap (NMS) i omsorgsprosjekt i Etiopia og Midt-Austen.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Diakonane Aud Brynhild Indset og Gro Venås (t.h.) arrangerte ein inspirerande misjonskveld – og gledde seg over vellykka utlodning til projekta i Midtausten og Etiopia.

På Surnadal Kyrkjelydshus torsdag fekk gjevarane gripande bevis på nytten av gåvene. Diakonane Aud Brynhild Indset og Gro Venås hadde kalla programmet «Inspirasjonssamling» og invitert Øyvind Ulland Eriksen frå NMS til å formidle både informasjon og inspirasjon.        Arbeid med minoritetar og språk er blant mange fokusområde, sa Øyvind Ulland Eriksen frå Det Norske Misjonsselskap.

Fred, språk og helse                                                              Dei mange frammøtte fekk ferske og levande inntrykk av samfunnet og menneska der pengane frå våre lokale innsamlingar og kyrkjeoffer kjem til nytte. Medan flyktningesituasjonen etter Syria-krigen fordrar særleg innsats i Midt-Austen, viste Eriksen korleis NMS engasjerer seg i fred og forsoning mellom ulike folkegrupper, språk- og bibelarbeid, kvinnerettar og helsearbeid i Etiopia.

Sidan 2003 har kyrkjelydane i Surnadal og Rindal støtta NMS sine misjonsprosjekt med avtale om faste gåver – først til landsbyutvikling i Etiopia, seinare med fornya målsetting etter som behova har endra seg.

Av kaffelandet Etiopia sine 115 millionar menneske er 63% kristne og 34% muslimar. 90 etniske folkegrupper har ulike språk og store motsetningar. Manglande skriftspråk gjer lesing og vanleg skulegang umuleg, så språkarbeid og bibelomsetting er viktig for NMS.

Da Mitiku frå slavefolket Hozo fekk høre ei bibelforteljing på språket sitt, sa han: – Det var som å bli fødd på ny!

Marie Sollid – lokalkjend
Det Norske Misjonsselskap har i over 50 år arbeidd i Etiopia – mykje saman med Mekane Yesus-kyrkja, som har hatt ei rivande utvikling: – Tenk dykk at medlemstalet i denne kyrkja sidan 1960 har auka frå 25 000 til over 10 millionar! fortalte Eriksen til ei måpande forsamling. Her på berget står fleire og fleire kyrkjebenkar tomme, og lokalt gudstenestebesøk kan somtid teljast på fingrane.

Etiopia med sine 115 millionar fordelt på 90 etniske grupper har vore prosjektområde for lokale sokn sidan 2003.
På spørsmål om nokon i salen hadde vore i Etiopia, fekk Ulland Eriksen eit solid svar: Marie Sollid var misjonær der i over 20 år – med sterk tilknyting til nettopp Mekane Yesu-kyrkja! Taiwan-misjonær Anna Sæther var også til stades, og ved kaffebordet hadde Eriksen, Sollid og Sæther mykje å snakke om!

NLM-misjonærane Marie Sollid (over 20 år i Etiopia, t.v.) og Anna Sæther (40 år på Taiwan) hadde mange erfaringar å dele med NMS-talar Øyvind Ulland Eriksen.

NLM-misjonærane Marie Sollid (over 20 år i Etiopia, t.v.) og Anna Sæther (40 år på Taiwan) hadde mange erfaringar å dele med NMS-talar Øyvind Ulland Eriksen.

Sterke inntrykk på lerretet
Trass noko dårleg lyd vart sterke inntrykk formidla via plansjar og videoklipp. Ei ung kvinne skildra den ufattelege skjebnen ho og millionar andre blir utsette for ved omskjering: – Den dagen tok livet slutt.

Den syriske guten Warim var berre 7-8 år da ei helikopterbombe sprengte ein fullsett bil i filler like attmed han. Som flyktning fekk han hjelp av NMS sitt prosjektarbeid i Beirut. Misjonens mediesatsing Sat Seven (Sat-7) når fram til mange i Midt-Austen – også til dei mange flyktningane frå Syria-krigen, som Warim gav eit tydeleg ansikt i NMS-glimta. Og det stråla fryd av guten da han fekk synge saman med den canadiske stjerna Mary Anne i Sat-7-studio.

Gåver kjem til nytte                                                                                                                        Liv Irene Røen støtta – som vanleg – ei god sak og vann fleire gevinstar på misjonsutlodninga
Anna Sæther målbar nok mange sine tankar da ho tok til orde for meir systematisk og reell informasjon om kva «misjon» eigentleg er. For – som det vart sagt: – Mange veit jo ikkje kva ordet står for!

Likevel er misjonstanken levande i sokna. – Enn at det kom så mange! stråla diakon Aud Brynhild

Ho og kollega Gry torde berre tru på ein handfull interesserte, sa ho. Men – rundt i sokneråda må forventningane ha vore større, for spleiselaget til kveldsmat var frodig og allsidig.

Gevinstar til utlodninga vanta heller ikkje. Kvelden gav både inspirasjon, informasjon – og betydeleg inntekt til dei mange gode formåla der prosjektgåvene kjem til nytte.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp