Gi en gave
Meny
Foto: Illustrasjon Last ned

Misjon og dugnadsånd

MT–redaksjonen har sete seg i godstolen, slengt beina på bordet og festa lesebrillene på nasen. For i denne utgåva har ein frivillig flokk gjort heile jobben for oss, utan løn.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

I vekevis har dei med penn, blokk og kamera i hand, og med blod på tann for dei beste nyheitene i verda, enda opp med ein «pageturner» av eit MT. Ole Andreas Husøy har med stødig hand leia prosessen.

2022 er frivilligheitsåret. Det feirar vi med eit ekstranummer for frivillige, laga av frivillige – i god NMS–ånd. Dugnadsiveren ga oss tid til å sysle med andre ting. Tusen takk til den frivillige redaksjonen!

Tilfeldigvis er 2022 også året då NMS fyller 180 år. Frivilligheit har vore NMS sitt DNA sidan 1800–talet. NMS er ein av dei organisasjonane med lengst fartstid når det gjeld frivillig innsats. Med 2500 frivillige i NMS Gjenbruk, 13 leirstader og over 1000 småfellesskap er vi framleis høgt oppe i ligaen når det gjeld dugnadsånd. Og sidan vi har smugkikka litt i bladet, kan vi røpe at du no skal få bli kjent med fleire av dei frivillige. Ja, faktisk møter du ein frivillig frå kvart tiår, frå den spede start i 1840 til frivilligheitsåret 2021.

Visste du at vi har ein jubilant som lyser opp stadig fleire norske heimar? I 25 år har Knausen lysstøperi, den sjarmerande lysfabrikken i Trøndelag, laga kvalitetslys av lysstumpane våre. Her bugnar det av fargerike lysrestar, dugnadsånd og stå–på–vilje. Lysa brenn dessutan lenger enn dei du raskar med deg frå Kiwi. Ikkje minst bidreg dei til at også NMS kan lyse lenge for hjartesakene «Dele trua på Jesus, kjempe mot urett og utrydde fattigdom.»

Visste du at Madagaskar også finst fleire stader i Norge?

Eller at folk dyrkar poteter til inntekt for NMS?

Og kven er dei eigentleg, desse som skjuler seg bak tittelen «frivillig i NMS»? Jo, dei er både fotballspelarar, bankmenn, sjefslegar, jordmødrer, bønder og gjenbruksentusiastar. Kvar og ein hadde fortent medalje. Tusen takk til alle som bidreg, på så mange forskjellige måtar. De er kreative, trufaste og dyktige. Utan dykk hadde ikkje NMS vore NMS.

Jeg vil bli abonnent på Misjonstidende og motta seks nummer i året helt gratis!

    PS: Du kan også sende en sms med "NMS MT" til 2490

    Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp