Gi en gave
Meny
Last ned

Misjon & mageknip

«Det er til å få vondt i magen av», skreiv debattredaktør Solveig G. Sandelson i Stavanger Aftenblad i vår, om evangelisering overfor ukrainske flyktningar på grensa til Polen. Det førte til ein kjærkomen liten diskusjon om misjon.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Og la oss få legge til: Misjon kan også lindre magevondt, om den kjem av svolt, sjukdom, frykt, sår eller lengsel. Misjon handlar om å spørje: Kva kan eg gjere for deg?

«Sjølv utan at det er krig, er det ganske arrogant å oppsøkja menneske du ikkje kjenner eller veit noko som helst om, fordi du meiner å vita betre enn dei kva slags liv dei bør leva», skreiv Sandelson i kronikken.

Eg les det ikkje som misnøye med all misjon, men som kritikk av ein konkret situasjon, der menneske i krig fekk forbøn då dei først og fremst trengte å komme seg til ein trygg stad. Eller var det eigentleg det som skjedde?

Kva veit vi eigentleg om metoden? Vi sit her, i trygge Noreg, og sist eg sjekka var det berre Gud som kunne dømme menneska sine hjarte, tankar, motiv og arbeidsmetodar på så lang avstand. Og kven veit, kanskje hadde flyktningane også eit åndeleg behov? Eit behov som har ein tendens til å vekse i kriser. Kanskje var mat, medisin og tryggleik dekka. Kanskje veit evangelistane kva «kultursensitivitet» er, og var varsame, audmjuke og nøyaktige. Kanskje spurte dei kva dei kunne gjere? Og kanskje var svaret: Be for meg.

Eg vil tørre å påstå at dei fleste misjonsorganisasjonane ikkje kjenner seg att i å vere «arrogante» og «oppsøke menneske dei ikkje veit noko om», berre for å «fortelje dei korleis dei bør leve». Det høyrest litt unyansert ut.

Eg trur ikkje Aftenbladet–redaktøren er aleine om å vende piggane ut når ein høyrer ord som «evangelisering» og «misjon». Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har prøvd å forsvare og forklare desse orda, med blanda resultat. Når eg skal fortelje om NMS, nemner eg av og til «utrydde fattigdom» og «kjempe mot urett» før «dele trua på Jesus», om folk har dårleg tid. For oss er det sjølvsagt at desse måla heng saman, at eit prosjekt kan innehalde alle tre, at ord og handling er to sider av samme oppdrag.

Kanskje har vi mislukkast i å formidle dette. Kanskje har vi ikkje skrytt nok av at også vi sjølvsagt har ein «ver varsam–plakat» som sit i ryggmarg og hjarte. Kanskje blir vi så opptatt av å gjere alt rett at vi gløymer å fortelje kva vi gjer. Evangeliet gjennom ord og handling blir fort ein klisjé. Men sanninga er at menneske vi møter også har eit åndeleg behov. For mette nordmenn kan det vere vanskeleg å forstå, men på oss sjølve kjenner vi ingen andre.

Å dele trua på Jesus, utrydde fattigdom og kjempe mot urett, på ei og same tid, er ikkje gjort på slump. Men, NMS har ikkje gjort alt rett gjennom dei 180 åra ein har halde på. Gode mål og motiv er ikkje alltid nok, viser misjonshistoria. NMS lærer framleis.

Heldigvis skreiv Sandelson også dette i kronikken sin: «Kristne organisasjonar har lange tradisjonar for humanitært hjelpearbeid. Det kan vera å leva livet ditt slik du meiner du bør. At du skal hjelpa. At du skal trø til for dei svakaste. At du skal praktisera det du trur på. Og at du skal trø varsamt. Det er fint, det.»

Jeg vil bli gratis abonnent på Misjonstidende og motta seks nummer i året – helt gratis!

    PS: Du kan også sende en sms med "NMS MT" til 2490

    Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp