Gi en gave
Meny
Foto: Endre Hilleren (hovedbilde) / Maria Indrøy Risanger (innfelt) – Trond Hjorteland skriv om sine tankar knytta til det å vere misjonær. Last ned

Kva er ein misjonær?

Eg har sjølv fem års erfaring som misjonær frå Kamerun. Ingen av mine andre stillingstitlar opp gjennom åra har forårsaka meir glede, nysgjerrigheit og respekt hos folk eg har møtt på.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Men det er heller ikkje andre stillingstitlar som har gitt meg så mange pinlege, stille stunder, forlegne blikk eller beint fram dårleg skjult forakt – som når eg har presentert meg som «misjonær».

Denne ambivalensen veit eg at det er mange misjonærar som har kjent på. For nokon har det stundom kanskje tatt litt brodden av frimotet, for andre har kanskje reaksjonane provosert ein ekstra spore til innsats.

Men det er fleire enn meg som anar at noko er i endring. Kanskje har det med at det gjengse «raddissynet» på verda, der misjonærar blei slått i hartkorn med imperialisme, er i ferd med å forsvinna? Kanskje har det med at NMS og andre typiske misjonær-sendande organisasjonar har færre «klassiske» misjonærar enn før – at sjølve misjonærrolla er i ferd med å forsvinna frå den allmenne bevisstheita? I så fall har me ein gyllen sjanse til å fylla «misjonær» med eit anna innhald enn den såkalla 68-generasjonen har hatt eigarskap til.

Å vera misjonær er meir enn ein stillingstittel. På same vis som det å vera bonde er meir enn ein jobb. Men alt er i endring. Akkurat som bonden kan fjernstyra mykje av drifta si, kan ein misjonær i dag utøva virket sitt frå kor som helst i verda.

Eller kan ho eller han det? Kan nær sagt kven som helst kalla seg misjonær? Det er diskusjonen me inviterer deg som lesar til å reflektera over i den nyaste utgåva av MT.

For min eigen del vil eg slå eit slag for den definisjonen av misjonærar som 28 ungdommar gir i ei undersøking som førsteamanuensis Solveig Omland (NLA) nyleg har publisert: «Misjon skjer i relasjonar, det skjer overalt, og alle er misjonærar». Så enkelt kan det kanskje seiast.

I skrivande stund er millionar menneske på flukt, og krigshandlingane pågår for fullt. Våre venner i Den estisk-lutherske kyrkja har bedt NMS om hjelp til å skaffa midlar for å ta imot ukrainske flyktningar. På den måten kan me også få vera med på den store dugnaden det er å hjelpa menneske på flukt. Eg vil også takka alle som gav bidrag til hjelp for syklonofra på Madagaskar. Over 8000 menneske fekk akutt mathjelp takka vera desse pengane. Og nå er såkorn handla inn for ny matproduksjon. Me lever i ei uroleg verd. Men saman kan me gjera ein skilnad.

Denne leiar-artikkelen står på trykk i MT 3 som kjem ut i desse dagar. Ønskjer du å bli abonnent på MT og motta seks nummer i året, heilt gratis? Registrér deg gjerne i skjemaet under.

Jeg vil bli abonnent på MT, helt gratis!

    PS: Du kan også sende en sms med "NMS MT" til 2490

    Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp