Gi en gave
Meny
Last ned

Inspirerande møte i Møre med Mona og Hany

Dagen starta altså med DELE-lunsj på NMS kontoret og fortsatte med inspirasjonssamling seinare på dagen der vi fekk høyre meir om eit arbeid som kanskje ikkje så mange har høyrt om.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post


Vi liker  å arrangere DELE-lunsjer her på NMS kontoret og spesielt kjekt er det å benytte høvet når vi får besøk i regionen, noko vi  og gjorde denne gongen!

I Barcelona har Hany og Mona fokusert på å bygge bruer mellom ulike samfunnsgrupper. Gjennom sitt arbeid med Arab Ministries in Spain, har dei konsentrert seg om integrasjon og dialog. Dei har spilt ei nøkkelrolle i å organisere språkkurs, gudstenester på arabisk, og produksjon av inspirerande videoar.

I dag leier dei eit internasjonalt team av medarbeidarar som driv eit variert arbeid mellom innvandrarar og flyktningar, hovudsakleg frå Midtausten og Nord Afrika.

Vi fekk høyre om eit spanande og variert arbeid i Barcelona. Ved to kultursenter tilbyr dei språkopplæring, datakurs, leksehjelp, barneklubb, kvinnegrupper og mykje anna.

Gjennom kunst og formingsaktivitetar får dei hjelp til å bearbeide vonde opplevingar og traumer og desse samlingane gir dei nytt mot og håp for framtida.


Hany fortel at mange kjenner på frustrasjon og fortviling. Dei kjem til Europa med så mange draumar og håp, men vert fort møtt av den harde realiteten. Det å møte omsorg og omtanke, ikkje minst kunne snakke med nokon på sitt eige morsmål, er viktig.

Hany er klar på at det dei djupast sett ynskjer er å vise Guds kjærleik og omsorg for alle menneske, også mellom menneske og Gud går det ei bru!
Til sentra kjem menneske med ulik bakgrunn og tru, her er alle velkomne.

Dei har gitt sentra det spanske namnet «PUENTE». Dette tyder «BRU», noko som viser at dei ynskjer å vere med på å bygge bru mellom menneske, mellom innvandrarar og det spanske samfunnet.

Enkeltpersonar og grupper frå ulike kantar av verda kjem for å delta i arbeidet i kortare og lengre periodar. Det gjorde også Erika Lynn Solli (tidlegare barne-og ungdomsarbeidar i NMSU Møre) gjennom Ucrew. Ho var med på DELE-lunsjen og det vart eit hjarteleg gjensyn!


Geir Flåm og Jorunn Bakke Orvik

Tusen takk til:

  • Jorunn Bakke Orvik og Geir Flåm som spelte for oss!
  • Områdeutvalet i Nordre/ Austre som bidrog med deilig mat på fat!
  • Og til alle som kom!

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp