Gi en gave
Meny
Foto: Siv H. Undheim / TRIO: Helga Johannessen, Astrid Fjeld og Anne Grete Hognestad i drivhuset til Anne Grete. Last ned

Grøn dag på Undheim

Noko nytt har fått rotfeste i NMS-foreiningane i Time.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Fem engasjerte damer er i full vigør. No er dagen her og alt må vere på plass. Dei har planlagt og jobba mot denne laurdagen lenge.

Med seg har dei fleire gode hjelparar, men det er dei fem som har regien.

Snart yrer det av liv, både blant folk og planter, og sjølv om det er litt kaldt i vêret, skapar den fine livemusikken ei varm stemning. Interesserte strøymer til og står klare når arrangementet opnar klokka 11.00.

Idet messa erklærast opna, iler folket til salsbuene, og plantene får bein (røter) å gå på.

Planter til sals

– Ja her går det unna, no er eg tom for løvemunn, seier Oddny Underhaug, i forbifarta.

Planter av mange slag er til sals. Ute- og inneblomar. Asparges er nytt av året. Elles kan dei freiste med ulike salatar, forskjellige tomatplantar, grønkål, spinat, squash, rabarbra, og mykje anna. Det er også buer som sel strikketøy, spesialsydde nett til å ha planter i og produkt av tre, som skjerefjøler og brikker.

Folk går og ber på kassar, nett og papir-posar med grøne vekstar som dei har sikra seg. Bak ei av salsbuene med kø i, står Helga Johannessen og smiler.

– Dette er kjekt! Så mykje folk. Eg fekk til og med fri frå butikken for å vere her i dag, seier ho.

Den tidlegare misjonæren er nemleg også vikarierande butikkleiar på NMS Gjenbruk Bryne.

Inne i kyrkja står det òg rekkje på rekkje med planter til sals, til både pynt og nytte. Midt i rommet står eit stort bord som bognar av gevinstar og freistar til loddkjøp.

Grøn dag på Undheim

Starta i 2021 av dameforeininga Shalom, som held til på Bryne. Foreininga starta 8. februar 1977.

Salet på Grøn dag:

  • 2021: ca kr 45 000,-
  • 2022: kr 58 470,-
  • 2023: kr 64 556,-
  • 2024: kr 66 456,-
  • 2025: kr 70 620,-

Lokalet myldrar av folk som har kjøpt brennesle- eller gulrotsuppe, kaffi og bakverk. Mat høyrer sjølvsagt med på ei misjonsmesse. Folk sit og kosar seg rundt bordene og elles der det er ledig plass, og drøset går lett.

Oppstarten

Det heile starta med ein idé som blei sådd i dameforeininga Shalom under koronapandemien. Dei ønska å samle folk på eit utandørs arrangement trass dei mange restriksjonane som var. Kva om dei laga noko på våren?

Dei søkte kommuneoverlegen og fekk grønt lys til arrangementet.

– Vi blei også inspirert av Misjon i hagen, som vi tidlegare hadde lese om i MT. I foreininga vår er det fleire hageglade damer, og nokre av dei har drivhus også. Derfor blei det naturleg med ein Grøn dag, med sal av planter og frø. Det er ei rein salsmesse, vi har ikkje hatt det same fokuset på aktivitetar som Misjon i hagen har, fortel Oddny.

Arrangementet blei lagt til Undheim kyrkje. Her har julemessa hatt lang tradisjon, der Shalom har vore medhjelparar. I tillegg er det eit godt uteområde til salsbuene.

– Dessutan blir Undheim kalla «den grøne bygda», så å legge Grøn dag hit, var heilt naturleg, meiner Astrid Fjeld.

Ho representerer NMS-foreininga på Lyefjell, som er gode støttespelarar. Astrid er ansvarleg for marknadsføring på sosiale media og har medansvar for lotteriet.


POPULÆRT: Stadig fleire finn vegen til Grøn dag på Undheim. Foto: Siv H. Undheim.

– Dette er femte året vi har Grøn dag, faktisk, og vi ser jo at det har blitt meir og meir populært. Så det har spreidd seg, og folk har fått auga opp for arrangementet, seier ho.

Inntektene har auka for kvart år.

Håp i spirande plantar

Fire av dei fem damene i komiteen gror fram ulike planter og vekstar. Dei aler det meste opp frå frø og startar i januar, på badegolvet. Men noko har dei allereie sådd på hausten. Andre planter treng fleire år før dei kan selje dei.

– For min del gir dette arbeidet meg håp, seier Oddny.

– Januar og februar kan vere litt tunge månadar. Å så og kikke etter om frøa spirer er meiningsfullt og spanande. Arbeidet fram mot Grøn dag har gitt oss ein ny dimensjon i den mørke tida. Plutseleg kjem det ei spire, seier Oddny, og held fram:

– Gud som skapar har god tid. Vi sår frø, og veit ikkje kva det blir av det, vi må berre vente og sjå. Gud skapar noko nytt heile tida, og det kan vi vere med på. Ho smiler.

– Eg føler meg veldig nær Skaparen i dette arbeidet.

Meining på mange vis

Alle inntekter går til NMS sitt arbeid. Grøn dag er derfor meiningsfull på mange nivå, meiner initiativtakarane.

– Eg har vore misjonær på Madagaskar, så eg har sett kva pengane går til og betydninga prosjekta har for enkeltmenneske. Og uansett kor ein bur er det viktig å kunne dyrke mat. Faktisk livsviktig, seier Helga.

– Så er Grøn dag ein gild dag med godt fellesskap, og vi veit det kjem folk som er mest interesserte i å vere ein del av det fellesskapet, fortel Astrid.

Den engasjerte komiteen påpeikar også at det er meiningsfylt å ta vare på gamal kunnskap og lære det vidare til yngre generasjonar. Det er så mykje ein kan ete, som mange ikkje veit om i dag.

– Vi må ikkje fjerne oss frå naturen. Vi er jo ein del av den, og å vere i naturen gjer noko med oss som menneske. Dessutan er det godt å kjenne at det framleis er bruk for oss, sjølv om vi er pensjonistar, smiler Anne Grete Hognestad.

– Så er vi opptekne av å ta vare på jordkloden vår, seier Reidun Jane Heskestad.

– Vi ønsker å leve «grønt» og ta vare på det som veks. I tillegg lærar vi mykje, eg hadde ikkje så god kunnskap om planting før vi starta med dette, meiner Reidun Jane, og fortel at med nyerverva lærdom blir dei litt betre til å få fram fine planter for kvart år.

Helga nikkar.

– Eg har fått stor respekt for bønder og andre som dyrkar mat. Det er så mange ting som speler inn på resultatet, seier ho.


INSPIRERT: Misjonsforeininga Shalom bestemte seg for å starte med Grøn dag, inspirert av Misjon i hagen. Foto: Siv H. Undheim.

Stor pågang

Dei trur dei har treft ei tidsånd.

– Det er stor interesse for dagen, og mange ringer og spør oss. Folk er opptekne av dette, og særleg spiselege ting, fortel dei.

Det er mykje arbeid, men svært givande. Den driftige gjengen er eit godt team og utfyller kvarandre.

– Saman får vi det til. Vi gir av oss sjølv og vår tid. Vi gjer det vi klarer, så blir resultatet det det blir. Vi har mange gode hjelparar, både ektefellar og andre som bidreg. Kvart år blir dei andre NMS-foreiningane i kommunen inviterte til å bli med på dagen, og dei stiller villig opp. Så dette er eit samarbeid med mange involverte, smiler Oddny.

Kanskje kan Grøn dag vere spire til inspirasjon for foreiningar andre stader?

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp