Full rulle på leir
Det var ikkje så lett for mange av dei å somne utan foreldra fyrste natta, så det krevde ein del av dei 13 leiarane. Øyvind Hagen hadde 2 spanande og kreative bibeltimar medan Bente Anita hadde misjonstime om Madagaskar.
På leiren var det full rulle heile tida. Vi leika fellesleikar, vi dansa og song, vi leika ute og inne, vi padla, og laga formingsting, vi hadde sporløp som enda i gapahuken der vi grilla pølser og leika oss.
Eit spørsmål på sporløpet var:
«I kva land budde Jesus?» Nokre av deltakarane svarte: «Russland eller Ukraina». Då forstår vi kor viktig leirarbeidet er!
Leirkvelden var strålande, kanskje vi får sjå nokre av deltakarane våre på Norske Talenter etterkvart?
Den siste dagen laga vi til Misjonstivoli der deltakarane betalte for ulike aktivitetar. Vi samla inn 3059 kr. Noko som var meir enn 5.-7.kl leiren med 55 deltakarar. Det er vi veldig stolte over. Alle deltakarane var strålande fornøgde med leiren, dei er allereie i gong med å planlegge at dei skal på neste leir.