Estlandskveld på Skodje
Kyrkjelyden ønska å sette fokus på misjonsprosjektet i Estland der dei er med på å gje støtte til to nyplanta kyrkjelydar i bydelane Mustamäe og Saku i hovudstaden Tallinn. I tillegg støttar dei opplæring av ungdomsleiarar og det blir drive eit spanande kristent mediearbeid laga av ungdom.
Laila Karin Tusvik Helle frå NMS, informerte om den pågåande aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda» som har fokus på å styrke kyrkjelydane sitt misjonsprosjekt. Aksjonen ønsker å gje verkty til kyrkjelyden sin innsats og engasjement for den globale kyrkja. Aksjonen går inn i misjonsansvaret knytta til SMM organisasjonane sitt verdsvide nettverk av søsterkyrkjer. I den tøffe koronasituasjonen verda står midt opp i, er det viktig a vise praktisk omsorg og solidaritet.
Diakon Asbjørg Oksavik Sve har godkjennskap til Estland, og har vitja landet og kyrkjelydane i Tallinn jamnleg i mange somrar som medarrangør på barneleir. Ho har opparbeida seg god kunnskap og har mange kontaktar i kyrkjelydane, ikkje minst med prestane der; Tiina Klement og Magne Mølster.
Asbjørg kunne fortelle at samfunnet i Estland gradvis har opna igjen etter begrensinger i aktiviteten under nedstenging.
Dei to kyrkjene er bygd men dei manglar pengar til å få ferdigstilt kyrkjene innvendig. Heldigvis har ein fått lov til å ta i bruk kyrkjene sjølv om dei ikkje er heilt ferdige, noko dei er svært takksame for no. Det hadde vore meiningslaust å arrangere gudstenester i lille Saku bedehus etter koronareglane med 1 meter avstand!
Tusen takk til diakon Asbjørg som saman med soknerådsmedlem Karin Margrete Vik arrangerte denne kvelden og som og serverte kaffi og heimbaka kake. Dei hadde og fått med seg kantor Arne B. Varmedal på piano og misjonsdama Gunvor Opskar til å pynte så fint med nydelege markblomar!