Gi en gave
Meny
Foto: Kari Sødal Last ned

Endelig turné med Arild Bakke!

Det var stor stas å endeleg få Madagaskar-misjonær Arild Bakke på besøk rundt om i region Møre!
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

For dei fleste i NMS er Arild mest kjent for si 25 årige misjonærteneste på Madagaskar. Det ikkje alle veit, er at han også har vore norsk generalkonsul på Madagaskar frå 2012 til 2022.

– Det er mange norske generalkonsular som gjer ein god jobb, men Arild Bakke er ein generalkonsul som utmerka seg. Han har ein unik kunnskap om Madagaskar og dele gjerne av denne til andre.

Han har bodd 35 år på Madagaskar. I 25 av desse åra har han altså vore misjonær for NMS. Han har og ei stor formidlingsevne som misjonsfolket her på Møre fekk del i desse dagane.

Det var bra oppmøte dei fleste stadane og det er noko med å ha ein «levande» misjonær på besøk som formidler Guds ord og deler frå livet som misjonær.

Tusen takk til Arild og velkomen tilbake!

 

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp