En misjonærs historie: Leah og Kristian Tjemsland

Leah Anne og Kristian Tjemsland vart nokon av dei første kristne folka ungdommane i det fattige arbeidarstrøket Carlisle vart kjend med.

Leah og Kristian møtest første gong på ein bibelskule i England, berre eit par timar unna byen Carlisle som skal bli deira misjonsmark i 10 år. Ei misjonsmark som over dei siste 50 åra gradvis har forvandla seg til steingrunn. Hard, skeptisk og vanskeleg å komme inn på. Folket i nord er som ei vindebru som stort sett er lukka for å hindre fiendar i å kome inn, blir det sagt. Men av og til opnar den seg, om du ventar lenge nok.«Vil du bli misjonær?» er kanskje ikkje det vanlegaste samtaleemnet for to 19 år gamle bibelskulestudentar som er på stemnemøte–stadiet. Men når ein nordmann, som har vakse opp i Hongkong, møter ein amerikanar, som feirar jul på Filippinane, på ein bibelskule i England, vert det eit naturleg spørsmål over den engelske teen. Kanskje drøymer dei om noko litt meir eksotisk, men om nokre år skal dei tilbake hit som misjonærar, bu og jobbe i eit arbeidarstrøk prega av arbeidsløyse og overraskande store sosiale utfordringar. Eitt av tre barn lever under fattigdomsgrensa, og dei fleste trur at ordet «Jesus» berre er eit bannord. Men så kjem det to snåle folk som serverer kakao i minus to, og som kan fortelje at han er meir enn som så.

Leah

Leah Anne veks opp i Sør–Carolina i USA med ei mor som er sjukepleiar og ein far som studerer medisin. Dei flyttar mykje rundt i sørstatane først, men då Leah blir 16 år, flyttar dei heilt over Stillehavet for å drive misjon i slummen utanfor Manila på Filippinane. Sjukepleiaren og legen gir helsehjelp medan Leah tek dei to siste åra av vidaregåande, før ho flyttar til England og møter Kristian på bibelskulen i Nord–England.– Eg vaks opp i ein kristen heim og har alltid hatt ei tru, byrjar Leah.– Det var ingen «lyn frå klar himmel», men ei tru som alltid har vore der, seier ho.I 1988, då Leah er åtte år, skjer det likevel noko som gjer at ho ikkje tek livet for gitt, og som får henne til å reflektere meir enn tenåringar flest gjennom oppveksten i sørstatane.

Skuleskytinga

– Eg hugsar at vi sat og las i klasserommet, fortel Leah.– Så står han plutseleg der, ein vaksen mann. Ved sida av står gymlæraren vår. Vi kunne ikkje sjå det då, men ho var skutt. No tok ho seg saman, sa det var ein mann her som hadde det vanskeleg, men at vi berre må ta det heilt roleg, fortset ho.Trass i læraren si ro, byrjar den ukjende mannen å skyte. Han treff Leah i armen. To av klassekameratane hennar dør.– Dette var det einaste klasserommet som stod ope. Alle dei andre var stengt, fortel Leah om hendinga som blir eit stort traume for lokalsamfunnet.

Del dette innlegget

Skrevet av:

Helene Reite Uglem