Gi en gave
Meny
Foto: Arne Drøpping Last ned

Dobbelt jubileum på Eidet bedehus i Surnadal

Eidet misjonsforening kan feire 140 år dette året. Det betyr at foreninga starta i 1881, i ein periode då mange misjonsforeningar begynte. Feiringa tok dei saman med Todalen misjonsforening. Dei skulle feire 175-årsjubilem i fjor, berre 2 dagar etter at landet vart stengt ned av korona i mars.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Allereie i 1845 starta dei med misjonsforening i Todalen. Det betyr at dei starta svært tidleg, og var den første foreninga på Nordmøre.

Det var eit rikt program med misjonsinnslag frå Kina, Kamerun og Thailand ved Astrid Wessel. Det var song og musikk ved Svein Volle og Gunnar Sødal.

Ragnhild Mikkelsen fortalte frå historia til Eidet misjonsforening og Einy Rendal Elgsæter tok oss med inn i historia frå Todalen.

Og så var det sjølvsagt god festmat til alle som kom.

Kari Sødal, som er leiar i områdeutvalget for Nordmøre. fortalte om det lokale misjonsarbeidet.

Sjølv kunne eg gratulere jubilantane frå Region Møre.

Artikkel i nettportalen Trollheimsporten

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp