Dobbelt jubileum på Eidet bedehus i Surnadal
Eidet misjonsforening kan feire 140 år dette året. Det betyr at foreninga starta i 1881, i ein periode då mange misjonsforeningar begynte. Feiringa tok dei saman med Todalen misjonsforening. Dei skulle feire 175-årsjubilem i fjor, berre 2 dagar etter at landet vart stengt ned av korona i mars.
Sist oppdatert 23.03.2022
Allereie i 1845 starta dei med misjonsforening i Todalen. Det betyr at dei starta svært tidleg, og var den første foreninga på Nordmøre.
Det var eit rikt program med misjonsinnslag frå Kina, Kamerun og Thailand ved Astrid Wessel. Det var song og musikk ved Svein Volle og Gunnar Sødal.
Ragnhild Mikkelsen fortalte frå historia til Eidet misjonsforening og Einy Rendal Elgsæter tok oss med inn i historia frå Todalen.
Og så var det sjølvsagt god festmat til alle som kom.
Kari Sødal, som er leiar i områdeutvalget for Nordmøre. fortalte om det lokale misjonsarbeidet.
Sjølv kunne eg gratulere jubilantane frå Region Møre.
Artikkel i nettportalen Trollheimsporten