Gi en gave
Meny
Last ned

Bli med på deledugnad!

Neste år rundar MT Misjonstidende, 180 år. Det har skjedd noko både med form og innhald frå den første utgåva kom ut i 1845, til det bladet du les i dag.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det gir også eit historisk sus når me veit at det var Andreas Hauge, sonen til Hans Nielsen Hauge, som var den første redaktøren.

Men ennå er Misjonstidende her. Vital og nysgjerrig. Med ønske om å vera både fornybar og gjenkjennbar. Det er ei stund sidan storhetstida på 1870- og 1880-talet då Misjonstidende var blant Norges største publikasjonar. I 1870 var opplagstalet på heile 6000 abonnentar. Då hadde Morgenbladet i Oslo berre 2000 – og Aftenposten 500. Det seier ganske mykje om kva posisjon misjonsrørsla har hatt.

Framleis har Misjonstidende eit opplag på cirka 16.000. Og me trur at kvart blad har tre lesarar i snitt, slik at lesartalet kanskje er oppimot 50.000. Me tenkjer at denne informasjonskanalen er så viktig at alle som ønskjer, skal få tilsendt bladet. Og me i redaksjonen håpar og trur at du vil finna innhald både til inspirasjon, ettertanke – og gjerne noko som utløyser: «Yes, dette
har eg lyst å engasjera meg i!».

Det kostar å laga, trykka og senda ut Misjonstidende. Derfor har me dei siste åra lagt ved ein giro i kvart blad der lesarar kan betala inn eit frivillig abonnement. Me håpar at du har så stor glede av bladet at du vil vurdera å bli med på dette spleiselaget. Dei siste åra har dei frivillige bidraga til Misjonstidende langt på veg dekka trykke- og portokostnader. Det håpar eg verkeleg at me får til i år også!

500 kroner er nok til å betala for at seks personar får tilsendt alle utgåvene av Misjonstidende i 2024. Me vil frimodig utfordra til å bli med på deledugnaden!

Det er også mogleg å gje ei gåve til MT ved å vippse ein valgfri sum til 797187.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp