Bistand nyttar
Representantar frå forsvar, bistand og kyrkja, samt politikarar frå ulike parti, var invitert til å svare på spørsmål om kva ansvar Noreg har for å kjempe mot fattigdom i verda, og om bistand må reduserast på grunn av den usikre sikkerheitssituasjonen i Europa? Kva rolle har kyrkje og misjon, og kva kan vi gjere som enkeltmenneske?
Det blei ein svært interresant kveld, som starta med velsmakande gassisk middag, etterfulgt av nydeleg pianomusikk av organist Ulf Nilsen.
Så var det klart for innspel på temaet frå representantar frå forsvar, bistand og kyrkja.
Forsvar
Seksjonsleiar ved Krigsskolen, Sigbjørn Halsne, teikna eit ganske dystert bilete av verda i dag, med ei verd i endring og mange pågåande konfliktar og krigar. Han minna oss om alvoret i situasjonen i dag, og at vi lever i ei mellomkrigstid.
– Er Noreg godt nok rusta viss det skulle skje noko her til lands? Korleis er tilstanden hos oss? Vi slutta å ruste opp etter den kalde krigen, og moderne krigføring er ekstremt dyrt, sa han.
Halsne minna også om at Noreg har sagt ja til NATO sitt forslag om å auke midlar til forsvar frå to til fem prosent av bruttonasjonalprodukt.
– Men det trengst også meir bistand og meir nødhjelp. Sterk klima- og utviklingspolitikk er også sikkerheitspolitikk. Til sjuande og sist er det politikarane som må prioritere korleis pengane skal fordelast, sa Halsne.
Bistand
Generalsekretær i Digni, Hjalmar Bø, oppfordra oss til å løfte blikket no i desse valtider, og ikkje bli for nærsynte.
På grunn av klimaendringar og konfliktar er det både vanskelegare og viktigare med bistand, fortalde han.
– Meir bistand går no til nødhjelp. Det fører til at fattige land taper. Med bistand kan ein hjelpe menneske ut av fattigdom i sitt eige land, i sitt lokalsamfunn.
Og haldt fram:
– Bistandspolitikk er sikkerheitspolitikk. Det skapar ei fredelegare og meir stabil verd for alle. Og bistand nytter! Prosjekta gir resultat, særleg innan helse og utdanning. Det finst mange gode prosjekt som møter behov, og som når ut til dei meist sårbare og fattige i verda.
Før han til slutt minna oss alle om at bistand dreier seg om menneske, og ikkje om tal.
Spesialrådgjevar Per Ivar Våje frå NMS leia kvelden.
Kyrkja
Så var det biskop Sunniva Gylver sin tur. Ho oppfordra dei politiske partia til å snakke saman og samarbeide om gode løysingar for bistand, beredskap og opprusting. Så trakk ho linjer til engasjement for kloden, skaparverket, rettferd og klima.
Biskop Sunniva Gylver.
– Stort sett går kriser, krig, konflikt og vanskelegheiter ut over dei som har minst skuld. Korleis kan vi leve med denne urettferda? Viss vi seier at alt er skapt og elska av Gud, er mine barn då viktigare enn barn i andre land?
Biskopen avslutta med å seie at kyrkja ikkje kan slutte med å mase og løfte fram korleis vi forvaltar skaparverket.
– Dette kjem vi ikkje unna. Pakta Gud gjorde med Noa handla ikkje berre om oss menneske, men om alt levande. Vi er alle lemmar på same lekam. Når ein lem lir, lir vi andre då med? spurte ho.
Politisk debatt
Deretter var det duka for debatt mellom politikarar frå Krf, H, MDG, Sentrum, SV og Ap. Andre parti var også blitt spurt om å stille, men møtte ikkje opp.
Representantane frå partia Sentrum, SV og Ap.
Representantane frå KrF, Høgre og Miljøpartiet dei grøne.
Alle var einige om at bistand er viktig, og at det skal prioriterast, men det var ueinigheit i kor mykje som skulle gå til bistand, kva virkemiddel som bør brukast, og fordeling av pengane.
På spørsmålet om kva vi som enkeltmenneske kan gjere, oppfordra alle politikarane til engasjement. Og engasjementet kan ein bruke på fleire måtar: Stem på partia som vil ha høg bistandsprosent. Krev at Noreg opprettheld bistanden. Støtt misjonsprosjekt, kyrkja og misjon har ei viktig rolle. Ikkje bli likegyldige, og ikkje gi opp håpet. Lev etter at ein kan gjere ein forskjell.Arrangør var Vennskapsforeningen Norge-Madagaskar og NMS.
Bli med og si nei til bistandskutt!