Gi en gave
Meny
Foto: Arne Drøpping / INNENDØRS: Det er kjekt at vi kan få flytte inn på låven vår veret egnar seg til det. Last ned

Åkerfallstemne med fokus på Kamerun

Søndag 6. august var dagen for det tradisjonsrike Åkerfallstemnet ved Hafstadvatnet på Meisingset i Tingvoll.  Anders Røttingsnes har lenge vore primus motor for stemnet som starta i juli 1944. No er i grunnen dette eit godt samarbeid mellom NMS og menigheten på Tingvoll.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Åkerfallet er ein liten gard oppi lia ovanfor Hafstadvatnet på Meisingset i Tingvoll kommune. Folkemusikaren Magnhild Almhjell budde her. Det har utvikla seg til et kultursenter på fleire område. Tingvoll kommune var ei stund eigar, men er no i privat eige.

Sjølv om det blir invitert til friluftsgudsteneste er vi så heldige at vi kan flytte inn på låven viss det regnar. I år var det eit typisk tvilstilfelle når det gjeld veret, men arrangementet vart i alle fall flytta inn på låven.

Da Anders Røttingsnes ønska Finn Ove Kaldhol og oss andre velkomne kunne han fortelle at dette var andre gongen det har vore besøk av ein misjonær frå Kamerun.  Finn Ove var både liturg og fortalte om misjonsarbeidet i Kamerun. Det er eit spesielt fokus på Kamerun i år da kyrkja i landet feirar 100 år. Dette blir sjølvsagt markert mest i Kamerun, men NMS markerer dette med fleire festmiddagar i Norge. Den nærmaste av desse for oss er i Trondheim, men turen frå Nordmøre til Trondheim er ikkje så lang.

Organist Vegard By deltok på medbrakt orgel. Audun Sæbø sørga for lyd på låven, og Dordi Boksasp Lerum deltok med song i folkemusikalsk stil.  Det var ekstra begeistring frå salen då ho song  melodiar etter Magnhild Almhjell.  Her var det tonane som hadde kome heimatt.

Primus motor, Anders Røttingsnes ønska oss velkomne. Foto: Arne Dræpping

Dordi Boksasp Lerum song melodiar som Maghild Almhjell har samla/laga. Foto: Arne Drøpping

TROMME: Finn Ove Kaldhol hadde også med seg tromme frå Kamerun. Med den kunne han blant anna slå 9 slag. Foto: Arne Drøpping

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp