Gi en gave
Meny
Foto: Andreas Dirdal Kydland / Agnes Aboum fotografert i Stavanger i anledning Kirkelederkonferansen i 2019. Last ned

Agnes Aboum (1949-2023) til minne

Agnes Aboum, den kenyanske anglikanske lekkvinna som vart kjent i store delar av verda gjennom sin heilt unike personlegdom og leiarskap, døydde 31. mai i Nairobi, 73 år gamal, etter eit kort sjukeleie.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Med det er ein av dei mest profilerte leiarane innan kyrkje og sivilsamfunn i Afrika, men også globalt, gått ut av tida. Vi er mange som har mista ein god og nær kollega og ven.

I Noreg kjente mange ho som Dr. Agnes, ein profesjonell rådgjevar i spørsmål om kyrkja si rolle i samfunnsutviklinga. Ho bygde opp organisasjonen TABACO i Nairobi, som arbeidde med spørsmål innan misjon, utvikling og bistand i Afrika, men og i andre deler av verda. Ho var særleg engasjert i leiarutvikling og fredsarbeid. Agnes Aboum vart ein etterspurt rådgjevar og vart mykje nytta mellom anna av NMS, DIGNI og KN. I 2018 vart ho æresdoktor ved VID, og ho fekk og fleire andre akademiske utmerkingar ved universitet og høgskular rundt om i verda.

Agnes Aboum var eit unikt menneske, lågmælt og audmjuk på eigne vegne, men med eit varm hjarte for alle som trong støtte og ei klar røyst mot urett. Ho vart eit førebilde for mange, ikkje minst kvinner og ungdom som ho løfta fram og utrusta til leiarar. Sjølv betalte ho ein høg pris for sitt politiske engasjement og kampen for friheit i eiga land. Ho vart fengsla og levde seinare i eksil i Sverige. Her tog ho ein doktorgrad innan missiologi og samfunnsvitskap.

Agnes Aboum kombinerte sin akademiske innsikt med praktisk erfaring på ein truverdig måte som gjorde at ho vart lytta til, av folk på grasrota, men og av kyrkeleiare og andre leiarar i globale organisasjonar og politikarar oppå toppnivå.

Då ho vart valt til leiar for Kyrkjenes verdsråds (KV) sentralkomité i 2013, var det eit naturleg val, mot mange odds. Ho var lek i en samanheng kor geistlege titlar gav prestisje, og ho var kvinne i ein tradisjonelt svært maskulin samanheng. Men hennar naturlege autoritet, vennlege leiarstil og breie erfaring, gjorde at ho raskt vart høgt respektert og lytta til. Ho la stor vekt på at KV var eit fellesskap av kyrkjer som saman arbeidde for ei betre, meir rettferdig og fredeleg verd med ei framtid for alle. Ho hadde særleg blikk for korleis kyrkjene med sine leiarar kunne gjere ein forskjell for dei marginaliserte og undertrykte. Ho levandegjorde mottoet «be og arbeid» i alt ho var med på. Alle sesjonar vart innleia og avslutta med bøn. Stundom braut ho av for å samle forsamlinga i ei bøn om rettleiing og visdom. Ho var oppteken av at KV og andre internasjonale organisasjonar skulle bruke tida og krefter på målretta programarbeid, ikkje interne stridar. Det fekk ho til, og ho kunne snakke med alle, frå alle land og alle samfunnslag. Ho kunne skjære gjennom i vanskelege saker og rette blikket mot det som var oppgåvene. Ho leia KV gjennom krevjande tider under pandemien og sto i leiaroppgåva til ho vart avløyst hausten 2022.

Mange knytte nære venskapsband til henne, gjennom samarbeid og lærerike felles erfaringar. I dag takkar vi Gud for den heilt spesielle gåva ho var til sitt land og si kyrkja, og ikkje minst for den internasjonale økumeniske rørsla.

Olav Fykse Tveit, preses i Bispemøtet, Den norske kyrkja

Dagfinn Høybråten, generalsekretær, Kirkenes Nødhjelp

Helge Gaard, generalsekretær, NMS

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp