Gi en gave
Meny

Gud, finns du verkeleg?

Gi en gave
Last ned
Faren drakk og spela bort pengane han tente. Sonen og mora leia kampen mot kristendommen i landsbyen. Nå er far og son begge ordinerte til prestar i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Thailand.
Tilbake

Denne historia blei publisert i Misjonstidendes utgåve nummer seks i 2011. Våren 2022 blei Chanda (nå 41 år) valgt til ny biskop etter Amnuay Yodwong. Du kan leise meir om det her.

Frå Misjonstidendes utgåve nummer seks 2011:

Det har vore fest i Evangelical Lutheran Church in Thailand (ELCT) i vår! For ei lita kyrkje med 3500 medlemmer var det ein stor, stor dag då heile fem evangelistar vart ordinerte til presteteneste; to til Bangkok, to til nord og ein til nordaust-Thailand.

Det var ei flott gudsteneste, og me var mange som delte gleda med dei, noko prega av stunda og med ein liten klump i halsen. Vegen fram mot ordinasjon har vore lang for fleire av dei.

Av dei fem nye prestane finn me to som skil seg ut. Ikkje fordi deira historie er så mykje meir spanande enn dei andre si, men ganske enkelt fordi dei to er far og son.

Far og son

Eg fekk høve til å møte dei ein dag i Bangkok. Far Bonmaa bur og arbeider i Nord-Thailand og er i Bangkok for å delta på seminar. Sonen Chanda er prest i Immanuel kyrkjelyd (som
for mange av Misjonstidende sine lesarar er kjent for sitt arbeid i slummen, Immanuel dagheim og Lovsongsheimen).

Då eg spør om dei kan fortelje historia si, om korleis dei vart kristne, er det naturleg at Bonmaa byrjar:

– Eg budde saman med familien min i ein liten landsby i nord. Me hadde tre barn og var lutfattige. Rismarkene me dreiv var ikkje nok til å klare oss på, så eg måtte sjå meg om etter arbeid andre stader. I 1984 reiste eg fyrst til Irak som lastebilsjåfør, så var eg nokre år i Saudi-Arabia før eg reiste vidare til Singapore, seier Bonmaa.

Singapore har cirka 100 000 thai-arbeidarar, og mange av dei bur i bustadblokkene tilrettelagt frå styresmaktene.

– I Singapore møtte eg NMS-misjonær Norlys Nilsen, og Visanukorn Upama (biskop i ELCT 2003-2011). Dei inviterte meg til gudsteneste, og gav meg plass i det kristne fellesskapet blant thaiar i Singapore. Eg skjønte ikkje kva det var, men kjente ein stadig sterkare uro inni meg. Ein dag vart eg bedt for av Visanukorn, og det kjentes godt på ein måte. Eg hugsar at eg bad: «Gud, finns du verkeleg»? Etter denne dagen gjekk eg til gudsteneste kvar veke i sju månadar. Så var kontrakten min over, og eg reiste heim til Thailand. Same året, i 1994, fekk eg studieplass på det lutherske seminaret (LST), og eg byrja studere. Eg hadde praksis i ein kyrkjelyd i Bangkok. Eg sleit ut fleire par sko det året, ler Bonmaa.

– Eg brukte føtene og gjekk overalt, det var lite med pengar, og eg hadde sjølvsagt ikkje bil – men eg hadde det likevel godt.

Flytta heim

– Etter det fyrste året med bibelstudier flytta eg heim att til familien min. Då hadde eg ikkje budd heime på ni år, og verken kona eller ungane tok så veldig varmt i mot meg. Sonen min, Chanda, var då ein ungdom på fjorten år, og ville ikkje ha noko som helst med den heimkomne faren sin å gjera. Eg starta å undervisa familien og dei næraste naboane. Det var ikkje lett. Men, etter tre år hadde eg ei gruppe på 11 døypte kristne i landsbyen. Me reiste rundt i evangeliseringsteam, og det var gudsteneste kvar søndag heime i huset vårt. Alle gav av det vesle dei hadde, 10-20 baht (2 – 4 kr) vart samla inn i offergåve til det kristne arbeidet kvar veke.

– Eg har eit bilete heime i stova mi som eg er svært glad i, fortel Bonmaa vidare.

– Det er dåpsbiletet av kona og ungane mine. Når dagane er tunge, ser eg ofte på det biletet, og minner meg sjølv om at eg har mykje å vera takksam for.

– Korleis var det for deg då, Chanda, då faren din flytta heim etter ni år, og plutseleg var blitt ein kristen evangelist? spør eg Chanda, som har lytta til faren si forteljing.

– Det var utruleg vanskeleg, byrjar Chanda.

– Me hadde ikkje høyrt stort frå han gjennom alle desse åra, lite pengar hadde han òg sendt heim. Me var i ei botnlaus gjeld, og strevde med å halda låne-mafiaen vekke frå familien. Så kom far heim og sa han hadde blitt kristen! Eg nekta å snakke med han, og farfar nekta å ha noko som helst med sonen sin å gjera. Eg hugsar at mor ropte til far ein gong: «Viss du vil vera med denne Jesus, så pakk veska di og flytt til Jesus, då»!

Ikkje lett

– Nei, far hadde det ikkje lett den fyrste tida etter at han kom heim att. Me hadde ein heil anti-kampanje mot han og kristendomen, leia av mor, farfar og meg sjølv. Eg hadde høyrt om denne nye religionen før han flytta heim att, men det hadde bare vore snakk om himmelen og evig liv. Eg var livredd for å døy, og syntes derfor kristendomen var ein nifs religion.

Så gradvis byrja det å gå opp for mor at mannen hennar verkeleg hadde endra seg. Han verken spelte eller drakk opp pengene lenger, ikkje krangla dei så mykje som før, heller.

– Ein kveld far hadde samla evangeliseringsteamet til eit møte heime, byrja mor å storgråte under ei av salmane. Frå den kvelden tok ho imot Jesus. Kva skulle eg gjera då? Det var jo mor som hadde leia i «kampen» mot kristendomen. Eg valde å fylgje mor. Farfar gjorde ikkje det valet. Han trudde på forfedreåndene, og han nekta å høyra om Jesus så lenge han levde.

– Kva tenkjer de om at de begge to vart ordinert til prest i ELCT på same dag?

– Me hadde jo ein ganske ulik veg fram mot denne dagen, seier Chanda.

– Eg vart ferdig med min Bacholorgrad fleire år før far, som fyrst vart ferdig i fjor. Men far har jo så mange, mange fleire års erfaring med kyrkjelydsarbeid enn det eg har.

Guds verk

Bonma er raskt frampå og fortel at ingen av dei har bedt om å verta ordinerte, det er ELCT som bestemmer.

– Dette er ikkje vår forteneste, det er ikkje slik at me har gjort alt rett. Dette er Gud sitt verk, gjennom Den heilage ande. Det er mange i ELCT og i misjonen som har hjulpe oss fram dit me er i dag.

Eg lukkar notaboka mi sakte igjen. Bonma ser det, og ler:

– Me har mykje, mykje meir me kunne ha fortalt deg.

– Og eg vonar eg kan få høyra meir òg – ein annan dag. No ventar tidsfristar frå Misjonstidende. Takk og be for Bonmaa og Chanda, for kyrkjelydane deira og for arbeidet dei gjer her i Thailand!

Jeg vil gi en gave

Jeg ønsker å gi et:
Engangsbeløp
Månedlig beløp
til NMS sitt arbeid for trygge og sterke familier i Thailand
Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp