Gi en gave
Meny
Last ned

Vellukka områdestemne NMS Austre og Nordre Sunnmøre i Indre Sula kyrkje 

Søndag 21. april starta det årlege områdestemnet for NMS Austre og Nordre Sunnmøre med gudsteneste i Indre Sula kyrkje.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Det vart ei flott gudsteneste med barnekoret Blessing og dirigent Geir Harald Eikrem som sette ein ekstra kulør til gudstenesta. Prestevikar Stine Lerheim leia gudstenesta, og kantor Håvard Sveås spelte til både koret og salmesongen. Frå kyrkja elles deltok diakon Ingvild Snipsøyr og tekstlesar Arne Lerheim. Det vart også barnedåp og kyrkja vart nesten fullsett.

NMS-foreininga Ester med leiar Gunvor Aannø hadde tilrettelagt lokalt for heile områdestemnet, og i tillegg laga til kyrkjekaffi etter gudstenesta. Vi er svært takksame for dette. NMS sin representant denne gongen var Asbjørg Oksavik Sve frå områdeutvalet som heldt preika med Joh, 13, 30-35 som understreka orda frå Jesus om å elske kvarandre, slik han elska oss.

Etter gudstenesta var det middag på Sunde Fjordhotell for dei om lag 50 som hadde meldt seg på. I det fine vårvêret var det kjekt å ha tid til ein god prat før møtelyden samla seg til årsmøte i Indre Sula kyrkje.

Medlem i regionstyret Berit Nerheim Andersen bar fram orientering og helsing frå landsstyret i NMS. Tre årsmeldingar vart lagt fram: Arne Drøpping for regionstyret, Reidar Standal for NMS Gjenbruk Ålesund, Evy Larsen for områdeutvalet i Nordre og Austre Sunnmøre.

Ingen av dei faste medlemane i utvalet stod på val i år, Else Marie Lervik Coates og Jorunn Bakke Orvik vart vald til vara for eitt år.

Så var det pause med velsmakande kaffi og kaker, som var ordna til av foreininga Ester, før misjonsfesten tok til.
Kantor Robert Coates spelte fleire pianostykke og spelte også til salmesongen.

Prest Per Inge Vik delte frå Jesaja 43 i ei god andakt, og NMS-tilsett Geir Sakseid synte bilete og fortalde frå NMS sitt arbeid i Midt-Austen. Han har god kjennskap til desse landa og misjonsarbeidet der etter opphald i og turar til dette konfliktfylte området i verda.
Gunvor Aannø og Randi Lerheim frå foreininga Ester fortalde om Sula kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt, dei to kyrkjelydane i Tallin, Estland. Dei har fått reist kvar si kyrkje og i kyrkjelydane er det gledeleg vekst.

Rigmor Eriksen og Solvor Aas var tidlegare i år med på ein tur til Thailand i regi av NMS Gjenbruk. Dei fortalde levande m.a. frå Lovsangshjemmet i slummen i Bangkok og arbeid som NMS støttar der. Regionkoordinator Laila T. Helle orienterte om arbeidet i regionen, og om arrangement og leirar framover.

Møteleiar Gunnhild Bjørkhaug framførte også ein fin salme og hadde fått med mannen Peter Odd Bjørkhaug på piano.

På misjonsfesten var vi rundt 70 stk. Områdeutvalet er takksame for den inspirerande stemnedagen vi fekk i Indre Sula kyrkje.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp