Gi en gave
Meny

Inspirerande regionstemne på Kjeldsund

Last ned
Stemnet starta med bibeltime v Sigurd Haugen, sokneprest i Averøy. Vi er kalla til teneste, men det er Gud som har kontrollen. Vi er ikkje dei første som er skeptiske når Gud kallar og seier «Kan EG det, da?»
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Han viste til Moses ved tornebusken, 2.Mos 4 og Gideon i Dom 6. Vidare snakka han om Jesu eksempel-forteljing om samaritanen som hjalp. I dag er det bruk for kvar ein av oss til å sjå, lytte til Jesus og arbeide for han.

Misjonsinnslaget var ved rådgjevar for Midtausten Geir Sakseid, som nettopp hadde besøkt Pakistan, det landet i verda som har strengast blasfemilovgjeving. Eksempla han hadde på kristne sine kår, gjorde sterkt inntrykk. NMS hjelper gjennom støtte til Church of Pakistan og menneskerettsorganisasjonen CLAAS.

Stemnet skulle gjere stas på alle frivillegee i NMS på denne Vår Dag, og festen starta med inspirerande andakt av Sonja Kaldhol, som gjennom mange døme framheva at det er bruk for oss alle, men at alder og livssituasjon kan føre til nye oppgåver. Dei tilsette heidra dei frivillege med fine karakteristikkar (sjå heimesida). Det var humoristisk innslag frå Kjeldsund som munna ut i bøn om å melde seg til forskjellige tenester, og Gjenbruk var representert av tre lokale damer som fortalde om sin motivasjon for å vere med. Vi fekk møte Brita Petrine Kvalsvik, nytilsett i NMSU, som gler seg til leirarbeidet. Ho ønskar forbøn for leirar og folk som kan stille opp som hjelparar.

Arild Bakke, 36 år på Madagaskar som barn og seinare som misjonær, er no leiar for seksjon Øst-Afrika. Han fortalde frå Sør-Afrika, Etiopia og Madagaskar. Som verdsvid kyrkje skal etablerte vere saman med unge kyrkjer i å nå unådde grupper med evangeliet, og NMS støttar arbeid for å ivareta dei mest sårbare og underprivilegerte.

Kjeldsund serverte nydeleg middag til over 80 personar!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp