Inkluderande INNFLYTTERDAG i Rosenes by Molde
Her er NMS, NMSU og NMS Gjenbruk ein sjølvsagt deltakar. Ein måte å bli inkludert, og inkludere. Være med å DELE av det gode vi har med alle. Lokalt og globalt.
NMS, NMSU og NMS gjenbruk sin stand hadde gull-plassering, med fleire hunde passerande.
Gjennom lykkehjul, dele-dans og gjenbruksbord fikk vi synt korleis vi i solidaritet med andre, kan både oppfylle bærekraftsmåla, og bidra til å utrydde fattigdom, kjempe mot urettferd og dele trua på Jesus.
Medan unge og eldre snurra lykkehjulet, fikk vi formidla at målet WLW Walk for Living Water aksjonen, er nettopp at unge i Laos skal få muligheit til skule, og ikkje skal måtte gå så langt for å hente vatn. Kor tungt vatn kan være å halde, fikk Molde-
ordføraren kjenne på direkte. Han stilte i solidaritet opp via vannbøtteholding, og let seg informere om WLW aksjonen. Bærekraftsmåla er felles oppgåve, for både kommunane og NMS. Møre-biskop let seg også rive med gjennom lykkehjulet, og om det vart magert med premie til henne, fikk vi fortelle at det viktigaste vinnarane gjennom dette er unge i Laos som får undervisning og vatn til landsbyane.
Gå derfor ut…..