Gi en gave
Meny
Last ned

Misjonsreise til Søre Sunnmøre

Landy R. Bakke var på sin fyrste tur til Sunnmøre i samband med årets områdestemne på Søre Sunnmøre. Det blei svært variert og spennande, og det vart skjemta med at dette var Landy si fyrste misjonsreise til Ulstein og Herøy.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post


Ho hadde sjølv eit ynskje om å få delta på fleire arrangement i løpet av besøket. Det blei svært variert og spanande, og det vart skjemta med at dette var Landy si fyrste misjonsreise til Ulstein og Herøy.

Langhelga starta med misjonsfest på Hasund bedehus. Her fekk dei frammøtte både i pose og sekk. Ho gav frå hjertet og er flink og formidle. Landy er også svært dyktig med powerpoint og flotte presentasjonar.

Johanne og Bjørn Leinebø har betydd mykje for Landy, og det passa fint at ho fekk bu hos dei.

På fredag starta dagen ii Herøy kyrkje. Her fekk ho møte alle tilsette. Temaet var misjon og korleis ein kan formidle misjonsengasjement til kyrkjelydane. I tillegg fekk ho omvisning i kyrkja som kanskje er ei av dei mest allsidige arbeidskyrkjene i landet vårt. Ho var imponert av det ho såg.


Foreningsbesøk

Vidare gjekk turen til studio der ho blei intervjua av Johanne Leinebø. Johanne fortel av ho fekk utruleg mange positive tilbakemeldingar frå lyttarar og ynskje om at intervjuet måtte gå i reprise.

Festgudstenesta var i år lagd til Ulstein kyrkje. Her heldt Landy ein kort og gripande tale. Ho tok oss med inn i sine livserfaringar og kva misjonen har betydd og betyr på Madagaskar.

Ho var også medhjelpar under nattverden og sang «Salige visshet» på gassisk i ei nydeleg tonedrakt.


Landy Bakke og Greta G. Aarthun

Under festen var Greta Gravås Aartun hovudtalar. Ho tok oss med inn i MIHA, «Misjon i hagen», på ein svært levande og engasjert måte. Folket sett stor pris på talen, og mange tok med seg heftet som Greta har utarbeidd. Håpet er at dette engasjementet kan smitte og at ein kan få til liknande opplegg her på Søre. Landy hadde også ein levande presentasjon om misjonsarbeidet på Madagaskar og sangen hennar gjekk rett til hjertet.

Mandag var ho fyrst på besøk på Kjeldsund. Her fekk møte dugnadsgjengen, fekk ei orientering om Kjeldsund si historie og åt ein god lunsj i lag med gutta.


Dele-lunsj på NMS-kontoret

Så gjekk turen til Kalveneset, og seinare på kvelden var ho gjest i Myrvåg misjonsforeining. Dette er ei av dei eldste kvinneforeiningane på Sunnmøre. To av medlemmane har vore på Madagaskar og saman kunne dei dele felles opplevingar. Dei vart ein inspirerande kveld på alle måter.

På tysdag gjekk turen via NMS-kontoret til ein «Delelunsj» før avreise tilbake til Stavanger.

Landy fekk inspirere mange i løpet av desse dagane og ho er hjartans velkomen tilbake.


Mange gode møtepunkt. f.v. Landy Bakke, Ranveig Kaldhol, Greta G. Aarthun. Foto: Laila Helle

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp