Gi en gave
Meny
Last ned

2022 Eit rekordår i Egersund

Då gjenbruksposten gjekk i trykken hadde dei selt for rundt 220 000,- meir i 2022 enn i 2019, som var sist år med normale opningstider. Til no har dei auka salet med 450 000,- i forhold til salet i 2021.

– Kva har de gjort i 2022 for å auke salet på denne måten?

– Det er fleire ting, men først og fremst har me begynt med sal av klede, fortel butikkleiar Åse Gudmestad. Det har ført til at det kjem fleire, og mange nye, kundar i butikken. Og kundane kjøper også andre ting, så me ser at me sel meir innan alle varekategoriar.

–  Så har me veldig fokus på å at det skal vere ryddig og oversiktleg i butikken. Me ønsker særleg å ha det opent rundt kassaområdet, seier styreleiar Gerd Åshild Leidland. – Og me får gode tilbakemeldingar frå kundane på butikken vår. Det er mange kundar som kommenterer at det er ryddig og fint, og at me har god plass mellom hyllene. Me har stort fokus på dette og snakkar om det på medarbeidarsamlingar og andre gonger, fortel ho.
Dette er også for at medarbeidarane skal få betre oversikt over kundane i butikken. For å få plass til klede, utvida dei lokala og dei har no ein stor butikk.

– Ein annan faktor er at me har det veldig kjekt i lag, og medarbeidarane trivest her. Me fokuserer på at butikken er ein møteplass, både for oss frivillige og for kundane. Me prøver å sjå kvar enkelt og snakke litt ekstra med dei som treng det, seier Gerd Åshild. – Me som er frivillige her snakkar om korleis me ønsker å ha det i butikken. Det er viktig at me snakkar fint både om og til kvarandre, smiler ho.

– Dessutan er styret veldig opne for innspel. Det er ønskeleg at dei frivillige kjem med tilbakemeldingar, og me lyttar til alt sjølv om ikkje alt blir gjennomført. Det er mange ulike måter å gjere ting på, avsluttar Åse.

Tusen takk til alle i butikken i Egersund. Det blir spanande å sjå kva de ender på når året er slutt.

 

«Spanande butikk med fine priser»

NMS Gjenbruk

 

 

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp