Gi en gave
Meny
Foto: Laila Karin T. Helle Last ned

Walk for Living Water i Ålesund, ein suksess også i år!

Mens turistar, skuleelevar og alskens Sunnmøringar strauma til byen for å delta på matfestivalen 2024, stilte NMS seg opp utanfor kontorlokalet sitt og gjorde seg klare for action.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Etter fjorårets gode resultat, var Laila Karin Tusvik Helle, Jostein Solbakken, og Miriam Mulelid spente på å promotere den viktige aksjonen som skal skaffe vatn til landsbyar i Laos, slik at jentene der kan få gå på skule, heller enn å bere vatn til familiane sine.


Ordføreren i Ålesund stilte opp for aksjonen.

På standen kunne nysgjerrige forbipasserande prøve både snurring av lykkehjul og konkurranse i vannbøttebæring. Dette var populært blant både barn, skuleungdom og spenningssøkande vaksne. Fleire kunne gå derifrå med flotte premiar og store smil, etter å ha fått vite at innsatsen deira hadde sponsa minst 60 cm med vannledning! Til og med ordføraren i Ålesund kom for å bidra.

På dag nummer to, fekk standen også besøk av ein hårete luring frå NMSU, nemleg maskoten Maki, ein lemur! Han dansa deledansen til NMSU sin låt «Del det du har», og fekk mykje merksemd frå besøket i byen.

Vi ser oss godt nøgde med årets resultat, og gler oss til neste år!

Om du vil vere med på å legge vannrør til ein landsby, så er det ikkje for seint!

VIPPS til 697884, eller sjekk ut Spleis-innsamlingen vår!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp