Gi en gave
Meny
Foto: Eli-Kristine Moltu Last ned

Vi pusser opp hyttene; vil du bidra?

Kjeldsund er ein leirstad med mange frivillege som bidreg på ulikt vis. Nokre er i gang med å pusse opp fleire av hyttene som blir mykje brukt til utleige, feriar og på store leirar.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Mona Blindheim vurderer kva koppar som skal få stå.

For omlag 30 år sidan, kom den vesle hyttebyen ved sjøkanten til glede og  nytte både for leirdeltakarar og gjester. Dei seinare åra har fleire av dei vore mykje utleigd langtidsbuande skipsarbeidarar. Etter 30 års bruk er det no tid for ei viss oppgradering.

Ei av NMS- foreiningane i Ulsteinvik tok utfordringa og er i bresjen for oppussing og maling. Etterkvart har fleire kome til som medhjelparar.

No viser det seg at eit par av hyttekjøkkena er modne for utskifting om det fortsatt skal vere hyggeleg å leige hyttene.

Ikkje alle har anledning til å stille på dugnad i hyttene. Derfor er vi så frimodige å be om ei gåve som kan vere med å dekkje

Ruth-Linda Osnes elskar å male.

litt av kostnadane til material til dette oppussingsprosjektet Kjeldsund leirstad er fortsatt ein populær og ynda plass for mange.

Det er fleire dugnadsgrupper for plassen og her er nok å henge fingrane i! Og så er det veldig kjekt å sjå dei fine resultata!

Vil du vere med på dette i form av økonomisk støtte, så kan du Vippse til 656336 og merke med «Kjeldsundhytter» eller du kan nytte Kjeldsund sitt kontonr.: 8220.02.85057 og merke med «Gåve til Kjeldsund drift, prosjektnr. 307202».

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp