Gi en gave
Meny
Last ned

Vellukka inspirasjonssamling i Borgund Menighetshus

NMS Nordre og Austre Sunnmøre områdeutval arrangerte si årlege inspirasjonssamling onsdag 18.september kl 19, denne gongen i Borgund Menighetshus, der tema var Hans Nielsen Hauge sitt liv og virke.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Kveldens foredragshaldar Jostein Garcia de Presno er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda. Han har i fleire år arbeidd med ei doktoravhandling om Hans Nielsen Hauge, og held no på med innspurten. Avhandlinga heiter «Kun at det skjer med Orden»: Rettssaken mot Hans Nielsen Hauge og institusjonaliseringen av Haugebevegelsen.

I sitt engasjerande foredrag tok han fram tida før og under den lange rettssaka mot Hauge, skuldingane gjekk ut på at Hauge og tilhengjarane hans var ulydige mot Konventikkelplakaten. Etter den 10 år lange rettssaka der Hauge det meste av tida satt fengsla, vart han dømt skuldig og måtte betale ei bot. Han var deretter ein fri mann. Etter at rettssaka var over endra haugianarane strategi, dei la vinn på å samarbeide med myndigheitene og med kyrkja. Deira pålitelegheit og innsats for mellom anna utvikling av nye bedrifter gjorde at rørsla hadde stor framgang og vann respekt over heile landet. Det var også interessant å få høyre at då Det Norske Misjonsselskap, NMS, vart stifta i 1842, var det med avgjerande innsats frå haugianarane.

Områdeutvalet hadde førebudd kveldsmat – påsmurte rundstykke, kveitekringle og kaffi. Etter matpausen var det åpent for spørsmål til foredragshaldaren, og Jostein Garcia de Presno svara godt på alle spørsmåla.

Edvard Orvik bidrog med to solosongar, begge stod heilt i stil med kveldens tema. Laila Tusvik Helle orienterte om arrangementa i region Møre framover, og Reidar Standal gav oppdatert orientering om NMS Gjenbruk Ålesund.

Samlinga varte i vel to timar, og den lydhøre og engasjerte forsamlinga talde vel 70 personar.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp