Gi en gave
Meny
Last ned

Todalen misjonsforening 175 år

Det er fem år sidan foreninga var samla til stort 170-årsjubileum. Frå 1996 har Todalen misjonsforening for NMS samarbeidd med foreninga for Sjømannskirka – Norsk kirke i utlandet, noko som førte til eit oppsving i foreningsarbeidet med opp til 17 medlemmar.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Dessverre har foreninga mista mange trufaste medlemmar dei siste åra, til 6 medlemmar i dag. Frå siste jubileum har fleire gått bort. Likevel er foreninga i gang og ønska å feira dette store jubileumet 14. mars.

Dessverre vart det ikkje slik då koronaen kom.

Medlemmane var  bestemt på å gjennomføra festen men måtte innsjå eit par dagar før at det ikkje let seg gjere etter at Norge vart «nedstengt» 12. mars. Det var veldig trist når ein hadde forberedt oss så lenge og godt og gledd seg så mykje.

Sidan annonsering i lokalavisa allereia var gjort, bestemte nokon av medlammane seg for å vera til stades på bedehuset og ta imot dei som evt. dukka opp. Dei 8 som kom fekk kaffi og litt mate og hadde eit godt fellesskap med song og bøn.

Indre Todalen Missionsforening, som vart stifta 17. desember 1845 i ei avsidesliggjande bygd på Møre, berre tre år etter at Misjonsselskapet vart stifta i Stavanger i 1842, var ei frukt av ei religiøs vekking på 1840-talet, som det står i bygdeboka: «Ei sterk pietetsrørsle nådde bygda kring 1840. Ei frukt av denne religiøse rørsla var den gamle misjonsforeninga  — som gjennom lange tider var ein  viktig faktor i det åndelege livet i bygda. — I meir enn tjue år var misjonsforeninga det einaste laget i bygda.»

Omtrent heile bygda var representert i foreninga, ca hundre medlemmar var med den første tida, både kvinner og menn. Og grunngjevinga for å starte foreninga var: «Vi samtlige medlemmer finner en samvittighetsplikt i at virke med til Guds Riges utbredelse i blant ikke kristne folkeslag og indgaar derfor i Jesu navn følgende forening:»   Så følgjer statuttar og 7 grunnreglar etc. Første grunnregelparagraf lyder:

«Foreningens Formaal er efter beste Evne at medvirke til Christendommens Utbredelse blant ikke Christne Folkeslag og tilmed at virke og nære Sansen hos seg selv og andre for Misjonens hellige Sag.»

Eit vidsynt perspektiv og store visjonar.

Dette har det vore arbeidd trufast for i så mange år, og halde regelmessige møter med andakt og misjonsinformasjon og innsamling til misjonsarbeidet. Det har også vore ført grundige møteprotokollar og rekneskap gjennom dei fleste år. Desse bøkene må seiast å vera både historiske og kulturelle klenodiar og er svært interessant lesnad som viser mykje av menneskas liv og lagnad i bygda.

Også i vanskelege krigsår greidde dei å ha ti møter i året og i 1942 ein stor 100-års jubileumsfest for stiftinga av Det Norske Misjonsselskap i 1842. På den festen kom det inn kr. 188, 23, «riktig ein sver innkome på ein fest,» står det i protokollen. Dei feira også sitt eige 100-årsjubileum i 1945 med preg av glede og optimisme. «Det var første gongen vi kunne beverte ein festlyd etter krigens slutt.»

I 1996 gjorde Nils Kalset eit stort og viktig arbeid ved å tyda skrifta i desse dokumenta og maskinskriva dei.

Forening har elles feira 80, 90, 150, 160 og 170- årsjubileer.

Foreninga har også vore representert på fleire kretsmøter med grundige referat, t.d. frå kretsmøtet i Ørstad i 1953 der Hallesby tala om kvardagskristendom til omlag 1800 frammøtte misjonsvener.

Frå 1870-åra er det kvinnene som tek over arbeidet, og i 1923 finn vi ei medlemsliste over Todalen Kvindeforening med 23 kvinnenamn. Frå den tida har det nok stort sett vore kvinneforening og arbeidsforening, slik det også er i dag.

Foreningsarbeidet ber preg av stabilt og trufast leiarskap som har ført detaljerte referat frå kvart einaste møte.

Sjølv om vi ikkje er så mange lenger, har vi det fint på møta med Guds ord og andakt, song, opplesnad frå to interessante misjonsblad, god bevertning, handarbeid og kosleg prat. Og vi er glade og takksame for at foreninga enno er aktiv og levande etter 175 år. Men vi ønskjer nye medlemar for at den ikkje skal stoppa opp.

Det er fortsatt vårt ønskje at arbeidet må ha framgang og lukkast slik dei som starta foreninga ønskte og bad om, så stadig nye menneske og folkeslag kan bli nådd med evangeliet om Guds nåde i Kristus Jesus.

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp