Gi en gave
Meny
Last ned

Tare-tittar til Kjeldsund

Kjeldsund fekk tilbod frå Trollia barnehage i Fosnavåg om å kjøpe farkosten til ein rimeleg pris, eit tilbod dei ikkje kunne seie nei til.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Taretittaren blir pussa og klargjort før sjøsetting. På dekk bak maska står Ansgar Aarland

Dei ville kvitte seg med båten, og tenkte at Kjeldsund måtte vere rette staden for ein slik farkost!

Med Kjeldsund si plassering ved sjøen, er det naturleg å tenke at dette både kan vere ein artig aktivitet, men at det også kan inspirere dei som blir med til å både utforske, undre seg og å ta vare på det fantastiske skaparverket – der 2/3 består av hav.

Båten kan bli eit «trekkplaster» både på opne arrangement som Jonsokfeiring, og på ulike leirar og eventuelt skulebesøk. Ein skal heller ikkje sjå bort frå at vaksne og kan ha glede av å få sjå kva som lever under sjøen på Kjeldsund!

Primusmotorar Ansgar Aarland og Jan Ove Kleppe i full gang med pussing og smøring

Det er plass til seks personar nede i kabinen, der det er fem store doble vindauge framover og til sidene. Opplevinga er nesten som å dykke. Ein kan også ha med seks personar på dekk, og på den måten bytte på å sjå over og under vatn. Farkosten drives av ein påhengsmotor, og er tenkt brukt i det umiddelbare nærområdet til Kjeldsund.  Ein kan oppleve ulike bunnforhold og dyreliv i sjøen rundt Kjeldsund ifølge kjentfolk, så dette kan bli spanande!

Det er ikkje meininga å leige ut båten til «kvensomhelst» sjølv om det ikkje noko formelle krav til skipsførar (anbefalt med båtførarprøve). Planen er å gje ei gruppe tilsette og frivillege grunnleggande innføring til å bruke båten.

Båten står framleis i Fosnavågen fordi ein ynskjer å få unna litt pussing av rust over og under vasslinja før den blir sjøsett.

– Båten fekk på første strøk med botnsmurning i går kveld, seier Ansgar.

– Måling og pussing over vasslinja kan gjerast etter at den blir slept til Kjeldsund og vi satsar på å være klar til jonsok!

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp