Gi en gave
Meny
Foto: Arne Drøpping Last ned

Syr for misjonen

Cecilie Rø Drøpping i Sunndal på Nordmøre starta med salg til inntekt for NMS i november som eit alternativ til julemesse. Men det er ingen grunn til å stoppe no.  
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Vi har no omarbeidd og sett inn nye foto på oversikta over det som kan kjøpast.  Ein del av dei nye varene er no prega av påske.

Heime hos oss har vi ein tradisjon med å gøyme påskegodt som ei skattejakt i hagen på påskeaften. Kvart barn leiter etter ei bestemt farge på ørene.

Hønegryteklutane har vore populære. No kjem dei i litt nye fargar. Og for dei som har barn som kan vere med og plukke egg rett frå hønene, fins det eigne forkle til slikt.  Og så er det eggevarmarar for påskefrokosten enten egga er plukka direkte frå hønene eller om dei er kjøpt i butikken.

Ved å følge linken nedanfor kan du i alle fall sjå på foto og forklaringar. Der finn du både tekst og prisar, og er det noko du lurer på så er det berre å sende ei melding eller ringe til tlf 997 15 936

Vi sender gjerne varene varene direkte til nokon du vil sende ei påskehelsing til. Den som betaler treng ikkje å ha same adresse.

Da har vi ny link til salgssida:

https://docs.google.com/document/d/1IsR0RJUaLeEb2wcS_kg_gmfJcYqVPxXfxb3V0SvTfpc/edit

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp