Gi en gave
Meny

Strand kvinneforening 125 år

Last ned
Strand kvinneforeining, nær Dale i Sunnfjord, vart skipa i 1896, og har vore i gang heile tida gjennom 125 år! Båtbyggar Ole Andreas Halsnes tok imot utfordringa frå Det Norske Misjonsselskap, og var sjølv leiar og med på alle møta til sonen Per Halsnes overtok leiarvervet. Han møtte og trufast opp på alle møta så lenge han levde, også etter at svigerdotter Ragnhild Tveit Halsnes  hadde ansvaret i omlag 40 år. Dei møttest på dagtid kvar månad rundt om i heimane, og ein gong i året på skulehuset på Strand. Då ba dei bygda inn til offermøte og fest, helst med talar frå NMS, god mat og mykje song.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

I 2010 var det Marit Eikemo Halsnes sin tur til å føre familietradisjonen og misjonsforeininga vidare. Dei gjekk då over til å møtast på kveldstid, og no er alle kvinnene mellom 50 og 80 år i bygda med! Marit fortel at dei har fast opplegg når dei møtest kvar månad i ein av heimane:  Dei er glade i å synge, og «Sangboken» er flittig i bruk. Så brukar dei studieheftet som NMS gir ut kvart år, og bytast om å lese høgt. Det har dei gjort i mange år, og Marit skryter både av innhaldet og servicen frå NMS, ho får tilsendt 10 hefte gratis kvart år. Offerpengane går til å bekjempe omskjering av kvinner i Etiopia. I kaffipausen kjem matpakkane fram (for å gjere det enkelt å ta imot gjestar), og vertinna serverer kaffi og gjerne frukt, før det vert fart på strikkepinnane og praten. Det er kjekt å samlast!
Sidan 2010 har dei hatt basar eit par gongar, eller utloding/ope hus, om dei har fått besøk frå NMS eller kyrkja. Dei har og samarbeidt med foreingane i Dale, når dei har hatt basar eller samlingar.

Svanhild Ask

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp