STOR JUBILEUMSHELG FOR NMS I NORHEIMSUND.
Sundag 22. oktober i år vart det skipa til jubileumsfest for alle desse foreiningane. Om lag 80 personar hadde funne vegen til Norheimsund kyrkje, kor Anne Marie Solsvik og hennar medhjelparar hadde sytt for ein vakkert pynta festsal. Misjonsvenner frå Voss og Samnanger hadde også møtt fram.
Vidar Grindheim, leiar i NMS Kvam, ønskte velkommen og leia festen. Han drog linene tilbake til starten i 1846, og understreka at misjonsbefalinga framleis står ved lag. Av rikholdig program nemner me at Solrun Leiren framførte «Misjonskonene» av Nobelprisvinnaren Jon Fosse.
Under mottoet «Komme ditt rike!» heldt regionsstyreleiar Bjarne Andersen ein inspirerande tale, der han understreka kva alle misjonsforeiningane har betydd gjennom åra: Den lokale misjonsiveren er sjølve pulsslaget i alt kristent arbeid.
Velsmakande betasuppe og stor jubileumskake smaka framifrå.
Det kom helsingar både frå generalsekretær Helge S. Gaard og misjonsgruppene i området. Heims musikklag gledde festlyden med fin musikk.
Jubileumsfesten var lagd opp i samarbeid med Vikøy sokneråd. Som avslutning på dagen vart vi inviterte inn til jazzgudsteneste i ei fullsett kyrkje.
Vi ser tilbake på ein rik misjonsdag til inspirasjon og kveik i arbeidet vidare.