Meny

Stopp all tvangskonvertering!

Foto: CLAAS Last ned
Representantar for meir enn eit dusin frivillige organisasjonar i Pakistan protesterte sist helg mot tvangskonvertering av jenter med minoritetsbakgrunn. Dei krevde at styresmaktene skulle godkjenna ei lov for å stoppa denne praksisen der desse jentene blir tvangskonvertert til islam.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

På ein pressekonferanse i Lahore 29.mars vart det same kravet stilt av Tahira Habib frå Menneskerettskommisjonen i Pakistan og direktør i CLAAS, Joseph Francis og fleire andre leiarar. I ein video på sosiale media gir også tidlegare parlamentsmedlem Asiya Nasir, sjølv kristen, stemme til det same. Nyleg, den 26.mars, fremja ein hindu frå Pakistan Tehreek-e-Insaf (PTI)-partiet to proposisjonar i parlamentet; for det første strengare straff for dei som er involvert i slik tvangskonvertering, og for det andre for å gjera barne-ekteskap ulovleg.

Alle dei største partia er opptatt av desse sakene og fordømer slike handlingar. Det er nok av bevis til at styresmaktene bør følgja opp dette sensitive og alvorlege temaet og forsikra minoritetane full støtte ved å godkjenna desse lovene.

Les meir – på engelsk – : https://dailytimes.com.pk/372204/forced-conversion-of-minority-girls-a-tragic-reality/

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp