Gi en gave
Nettbutikk
Meny

Startskot for aksjonen «Saman som kyrkje i heile verda»

Foto: Laila Karin Tusvik Helle Last ned
Ikkje alle let seg skremme av regn og ruskever. Folk kom sigande på, omlag 40, ned til fjøra på Tøsse til den tradisjonelle fellesgudstenesta Kristi Himmelfartsdag.
Tilbake
Del Facebook Twitter E-post

Startskot for aksjonen Saman som kyrkje i heile verda med fokus på kyrkjelydane sine misjonsprosjekt i Estland og England som varer fram til jonsok.
Ein flott dag med mykje regn og litt sol på Tøsse som ligg mellom Skodje og Ørskog. Sokneprest Jan Løkkeborg, diakon Asbjørg Oksavik Sve og kantor Arne B. Varmedal leia gudstenesta saman med gode medarbeidarar. Sportslege konkurransar bidrog til felles moro, og litt varme i kroppen. God fyr på bålpanna, medbrakt grillmat eller nistepakke til kyrkjekaffien. Takk til alle som kom.

 

Expand Lukk Søk Meny Mer Expand Arrow Facebook Twitter Instagram Youtube Vimeo Email Tro Kjærlighet Kjærlighet Håp Håp